fredag 23. desember 2011

Klarte det...

i år også - å bli ferdig med julekorta før jul :) Siste julekort blei sendt i går, så nå får eg håpe at posten ikkje er alt for forsinka, men at kortet kommer fram før jul.

Mønsterpapir frå Poppy design, hjertedies frå Nellie Snellen, pepperkakestempel frå ?
Pepperkakene er pynta med rød og kvit glitter, men det vises litt dårlig på bildet.



 Inni: Denne brettinga såg eg første gang i Mona sin blogg. Kjekt med litt ekstra inni kortet også.
        Glitterstjerna trur eg er kjøpt på Nille, eller var det Panduro..

Scrappekammeret: I siste liten
Kreativ hobby: Nå er det jul igjen
Panduro: Jul

søndag 11. desember 2011

Serviettkort

Servietter er kjekke smågaver å gi vekk. Og denne gang har eg laga eit "kort" med juleservietter inni.

Mønsterpapiret er frå Vibeke Spigseth (Poppydesign), snøkrystaller med punch frå EK-success, hjerta med Nellie Snellen dies, glitterstjerna er frå Nille, perler frå Panduro og tekststempel inni frå Kreativ hobby.

Er fremdeles utan internett heima, så nå bruker eg internett via mobilen, men det er veeeeldig tregt. Blir derfor lite besøk i andre blogger  for tida  :(



Scrappekammeret: Rød
Kortgleder: Heimelaga julegaver
Panduro: Jul
Kort`O`Mania: Skrimmel skrammel (må fylles med noe)

onsdag 7. desember 2011

Julekort med lukt

Enda eit julekort med hjerte av nellikspiker. Dette kortet blei eg så fornøyd med at eg laga 3 like :)

Mønsterpapir frå Poppydesign (Vibeke Spigseth), hjørnepunch frå Fiskars, hjertedies frå Nellie Snellen, Spellbindersdies på motivet, kantpunch frå MS, Snøfnugg med punch frå EK-Succsess, fjør frå Panduro og blomst frå Nille. På stempelet har eg brukt glitter embossingpulver (opalescent).

Sukkersøtt: Snøkrystaller og glitter
Card & Scrap: engler
Scrap`a`long: jul
Scrapshop: julekort


søndag 4. desember 2011

Konvolutt

Nei da, eg har ikkje tatt feil av årstida. Dette sommerlige kortet begynte eg på i sommar, men blei av ein eller annan grunn lagt til sides. Då eg såg at Panduro hadde ein utfordring der ein skal lage ein konvolutt, passa det jo bra å gjør den ferdig.
Mønsterpapiret trur eg er frå My Minds eye, dies frå Marianne design, blader laga med Nellie Snellen punch. blomster frå K&G, fjør frå Panduro og tekststempel inni frå Storyteller.

Det har vert dårlig med kommentarer frå meg i det siste pga eit veeeeldig ustabilt nett her oppi fjellheimen. Håper at feilen snart blir fiksa.




fredag 2. desember 2011

2 enkle

2 veldig enkle jentekort til å henge på bursdagspakker. Størrelsen på desse korta er ca. 11x13 cm

Begge korta er laga med papirer m/glitter frå Nille. Blomster frå Prima og Kort og Godt.
Heile kortet har fått ein "dæsj"  med Glimmermist  (pearl).

Sketchy colors: Rosa og kvitt
Anonyme Scrappere: Tags
Scrapperiket: Tags/pakkelapper


 Oppi kortet er det ein tag til å skrive ei lita helsing på.



På dette minikortet har eg pynta med glansbilde med glitter på.