mandag 27. desember 2021

Trekanteske med snømenn

Siste innlegg for i år er ei trekanteske til snop og gavekort.

 Mønsterpapirer frå Maja Design, snønuggdies frå Kort & Godt og tekstdies frå Papirdesign





Her er eska åpen

Baksida


Kreativ scrapping: Blå



søndag 19. desember 2021

Julekort med 3D-hjerter

Her kommer fleire julekort med denne pakkefasongen. På desse 3 korta har eg pynta med 3D-hjerter. 5 stk hjerter som er limt sammen. 

 Mønsterpapir frå Maja Design og Papirdesign. Hjertedies frå Nellie Snellen og tekstdies frå Papirdesign.

Kort nr. 1

Sølvkongler frå ein lysmansett er farga med alkoholblekk


Kort nr.2 og 3.






lørdag 11. desember 2021

Trekanteske med nisser

 Enda ei trekanteske til litt snop og gavekort

Mønsterpapir frå 3ndypapir



Inni: Plass til litt Twist og lomme til eit gavekort 


  • Scrapp og skravl: Nisseluer
  • Scrappegarasjen: Norsk jul

tirsdag 7. desember 2021

Trekanteske med dompap

 Har fått bestilling på fleire slike trekantesker nå til jul. Kjekkere å gi vekk eit gavekort i ei slik eske med litt godsaker oppi, enn kun ein konvolutt under juletreet. Denne eska er laga  i tradisjonelle julefarger og pynt. 


Sjølvlaga blomst og kongler frå ein gammal lysmansjett som er farga med brun alkoholblekk.


Innsida.

Scrappegarasjen. Norsk jul

tirsdag 23. november 2021

Pakkelapp med lukt

 Ein pakkelapp laga av pappeskekartong. Har revet vekk deler av det øverste laget slik at rillene kommer fram. Denne pakkelappen passer fint til ein gave som skal pakkes inn i rødt craftpapir.

Roser og tekst frå Papirdesign, beige kakeserviett og konglene er frå ein gammal lysmansjett. Og ei anisstjerne med deilig julelukt.






Baksida



  • Boblende kreativitet: Pakkelapper
  • Scrap The Rainbow: Favoritt julefarger
  • Papirdukkene: Jul
  • Hobbykunst: Jul
  • Kreativ skrapping: Brunt
2 stjerner som eg lærte å brette i forrige uke. Desse er også fine som pynt på ein gave.
Her er linken til brettemåten. Eg brukte rektangler på 4x8 cm.
Stjerna til venstre er laga av ark frå ein bibel (ødelagt) med gotisk skrift, og stjerna til høgre av tynt mønsterpapir.



onsdag 17. november 2021

Vintag

Ikkje til vertinnen, men til verten. 
Ein juletag til å henge på ei vinflaske.  

Vimpeldies frå Papirdesign, sløyfedies frå Tim Holtz og hjørnepunch frå MS





Hobbygarasjen: Jul
Papirdukkene: Jul
Scrappesyken: Smakelig jul


Stensil og embossing

I november er utfordringen hos "Let`s squash it" å bruke stensil og embossingplate. Kjekt å bli utfordra på å bruke embossingplatene på nye måter. 

Rosetten er laga med Distress Oxide og så dabba på litt sølvmaling

Embossingplate frå Cuttlebug.


Snøfnugget er stansa ut i mintgrønt shimmerark og pynta med ein stor bling.

Let`s Squash it: Stensil og embossing


Craftt Hazelnut`s Christmas challenge: ATG

lørdag 13. november 2021

Fargerike trær

Dette mønsterpapiret frå Imaginisce har eg hatt liggande i fleire år. Nå har eg endeleg fått til å bruke det. Laga 3 stk slike julekort av 1 mønsterark. Godt å få brukt opp heile papiret.

                                     

Har hatt glitter på alle "julekulene" og snøfnugga.




Innsidene. 
                                                    



Boblende kreativitet: Julekort
Papirdukkene: Jul
Hobbykunst: Jul
Scrapp og skravl: Min 3 farger

søndag 7. november 2021

Blått og brunt

 Eit julekort i blått og brunt som eg laga på digi-treffet til Hobbygarasjen nå i helga.

Her har eg brukt siste rest av eit mønsterark frå BoBunny.


Kvit og gull Frantage

Inni. Tekststempel frå Kort og Godt. Skrivefelt i midten og plass til julebilde på den tredje sida.


  • Hobbykunst: Jul
  • Papirdukkene: Jul

Esker

 Her har eg prøvd meg på 2 nye bretteteknikker.

Denne trekanteska kommer eg garantert til å lage fleire av.  

Mintgønn er ikkje typisk julefarge, men eg synes dette mintgrønne arket med røde glitterdotter er litt stilig. Hjertene har eg limt på.

Eg tok utgangspunkt i denne malen til ein mini-Toblerone. Etterpå kom eg over denne malen som eg trur eg kommer til å bruke neste gang. Den har ein ekstra flipp til å brette inn.



Då eg skulle lukke eska, oppdaga eg at det ikkje var så lurt med 3D-pynt på innsida av lokket :)


Vriboks.  Denne type bretteteknikk trur eg ikkje eg kommer til å lage igjen. Vrient å få til vrien, vanskelig å pynte og liten plass til godis.


  • Scrappesyken: Spiselig jul
  • Papirdukkene: Jul
  • Hobbykunst: Jul

Pakkelapper

 2 pakkelapper som eg har laga på digitreffet til Hobbygarasjen nå i helga.

Motiv frå eit Pion-ark, gullembossing og "konglene" er frå ein gammal lysmansjett.



Enkel pakkelapp å lage. Blått glitterpapir og snøfnugg stansa ut i mosegummi med glitter

Scrappelyst: Tag

  • Hobbygarasjen
  • Papirdukkene
  • Hobbykunst

torsdag 28. oktober 2021

UFO

 Er det fleire enn meg som har UFO`er liggande? UFerdige Objekter. Eg har ei lita bunke med slike prosjekter. Begynner på eit kort, men av ein eller annan grunn blir dei lagt til sides før dei er ferdige.

Så utfordringen til meg sjølv denne veka, var å gjør ferdig eit slikt UFO-prosjekt. Hadde faktisk 3 påbegynte "Kort i boks"-kort. Alle 3 korta var eg ferdig med å brette sjølve boksen og limt på paneler. Kun pynten inni boksen som mangla.

Usikker på kor mønsterpapiret er frå. Kronedies og tekstdies frå Kort&Godt og påfugldies frå Elizabeth Craft design.

Tutorial på "Card in a box


Bling på krona er frå Kort&Godt. Glittertråd i gull og aqua pynter opp

Framsida når kortet ligger flatt

Baksida

 Muskatt  følger med på fotograferingen frå altanen :)


Hobbykunst: Eske/boks


søndag 24. oktober 2021

Tidspress

Tirsdag kveld fekk eg eit spørsmål om å lage eit konfirmasjonskort til helgas konfirmasjoner. Hadde mest lyst til å seia nei, for å lage kort på bestilling i løpet av 2 kvelder liker eg ikkje. Bruker som regel 2 kvelder på å tenke og leite i papirbunka. Sa likevel ja, og fekk info. om at konfirmanten likte lilla og duse farger, og at ho likte å teikne og male. Då passa dei nye mønsterarka mine frå AB Studio veldig godt. Tirsdags kveld blei brukt til å tenke og leite fram papirer, og onsdag- og torsdag-kveld til å lage kort. Fredag morgon hadde eg kortet med på jobb og leverte det til bestiller. Eg blei fornøyd, bestiller blei fornøyd, så nå håper eg at kortet fall i smak hos mottaker også. 

Klarte å ta på kortet med "stempelsvertefingrer". Dei 2 flekkene klarte eg og skjule med å stanse ut små sirkler i nesten samme farge som bakgrunnen på papiret + at eg limte på litt fleire sirkler litt tilfeldig på kortet. Det blei jo stilig sidan mønsterpapiret også har små sirkler på seg 

Mønsterpapir frå AB Studio, tekststempel frå Norsk stempelblad og blomster laga av dies frå Tim Holtz, gullrundeller og splittbinders. Har splætta litt med lillamaling også.


Litt osteklut pynter opp bak blomstene.

Innsidene av kortet. Har malt med akvarellmaling eit par plasser for å få litt meir lillafarge på mønsterpapiret.


Tag`en er også frå eit AB Studio ark. Her har eg også malt litt ekstra med lilla akvarellmaling på bakgrunnen. Trur både motivet og arka passer til ei ung og kreativ jente.


          Scrapp og skravl: Blader

lørdag 23. oktober 2021

Clean and simple

 Eit CAS-kort som eg blei veldig fornøy med :)

Til kortet har eg brukt craft-papir, mosegummi med glitter frå Kort & Godt, dies frå Papirdesign og 1 bling.


Litt sverte rundt kantene og ein stor bling pynter opp.

Enkelt pynta på innsidene også. Her har eg brukt ramma til diesen til skrivefelt.



Scrap the Rainbow: Brun
Hobbygarasjen: Høst