onsdag 18. januar 2023

Rosettkort

 Eit litt annerledes kort til ein tenåring. Har bretta ein stor rosett, og dekorert på fram- og baksida.

Mønsterpapiret  var litt kjedelig i fargen, så har farga og splætta det med Distress.


Har brukt embossingpulver på tall og tekst.

Baksida. Her har eg limt på 2 store sirkler slik at det er plass til ein vipps-tag mellom sirklene. 

Thick embossingpulver på stjernesirkelen.

Hobbykunst: Ikkje firkanta

Scrap the Rainbow: ATG

mandag 9. januar 2023

Klem

 Utfordringen i januar hos Scrappesyken er å bruke ordet "Klem". Her er mitt kort til den utfordringen.

Mønsterpapir og vimpeldies frå Papirdesign og tekststempel frå Norsk Stempelblad.




Innsidene

lørdag 7. januar 2023

3 barnekort

 Prøver å rydde litt på PC`en min, så her kommer 3 barnekort som eg har deltatt på Facebook-utfordringer, men ikkje har blogga før.


Innsidene

Til dei 2 neste korta, har eg brukt 3D-klistremerker med paljetter og glitter inni. Stripene er laga med Washi-tape.

torsdag 5. januar 2023

2 esker

 Starter det nye året med å vise 2 esker som eg har deltatt på Facebook-utfordringer i fjor.

Eske nr.1 er ei eske som er forma som ein melkekartong. Plass til litt sjokolade :)





Eske nr.2 er ei trekanteske som det også er plass til litt sjokolade.