Viser innlegg med etiketten Mixed media. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Mixed media. Vis alle innlegg

lørdag 31. oktober 2020

Babykort og Unisexkort

 Her er mine 2 kort til siste vekas utfordring i Boblende kreativitet. Her er denne vekas skisse,

Til babykortet har eg brukt mønsterpapir frå Maja Design og charms frå Korthobby



Mixed media-kortet etter den samme skissa.

Bakgrunnen er laga med distress, kobbersppray ++ 




søndag 18. oktober 2020

Mixed media med sommerfugl

 Det går lang tid mellom kvar gong eg lager kort i Mixed media stilen. Og det er jo litt dumt, for eg liker jo dette røffe uttrykket veldig godt. Då er det godt å bli "tvunget" til å utfordre seg sjøl med å bli med på utfordringene til Boblende kreativitet som går over 4 veker. 

Skissa som skal følges finner du her.

Har brukt diverse Distress-produkter, sprayer, stensil og paste.


Farga osteklut med Distress og microperler.

Hjertedies frå Memory box

Boblende kreativitet: Mixed media etter skisse

søndag 11. oktober 2020

Mixed media med ugle

 Her er nok eit uglekort. Facebookgruppa "Boblende kreativitet" sin utfordring denne veka er mixed media med utgangspunkt i ei skisse. Tydeligvis lenge sidan eg har brukt denne teknikken, for pasten var ganske inntørka :(

Uglediesen er frå Spellbinders og metall frå Korthobby. Bakbrunnen er laga med stensil og paste, diverse maling som Distress Stain, sprayer og metallic akvarellmaling.




Enkelt pynta inni.

  • Boblende kreativitet: Mixed media + skisse
  • Hobbykunst: Høst
  • Scrapp og skravl: Høst

lørdag 21. mars 2020

Mixed media

Mixed media er ein stilart eg ikkje har brukt så ofte, men har lyst til å bruke meir. Derfor passa det veldig godt at Facebookgruppa  "Pop-up utfordring" har hatt utfordringer/kurs i diverse mixed -media teknikker i 3 veker nå. Og godt å ha fokus på desse små "kursa" i staden for drukne tankane i Koronavirus.

På denne plata har eg brukt bølgepapp, gamle blonder, stensil og paste, div. metall, heimestøypte sommerfugler og gamle blomster. Malt med svart akrylmaling og 2  farger metallic akryl og Inka gold.






 Scrappelyst: Maling, spray eller paste

søndag 15. september 2019

Tag med mixed-media

Pop-up utfordring, Tagring, er ei utfordringsgruppe på facebook som denne gang har instruksjonsvidoer/kurs i 4 veker framover. Liker jo best utfordringer i blogger, men denne gruppa synes eg lærerik og spennande.
For meg som ikkje er så dreven i mixed media-stilen er det veldig greit med slike korte inspirasjonsvideoer.

Her har eg leika meg med diverse maling, distress og alkoholblekk for å lage bakgrunnen + stensil og cracklepaste. Dies frå Tim Holtz og notene er chipboard frå Leane Creatief.



 Clear embossing på diescut, kobbertråd og microperler som dekor. Svart embossing på notene.
                                                                 
                                                                           Baksida


Her er tagen som eg laga etter første instrukjsonsvideo.


Scrappelyst: Knalle farger. Tag nr.1
Nordsalten hobbyklubb: Bruk dies
Ally`s angels: Alt er lov

Pop-up tagring: Bli inspirert av videoen av Jorunn sine tager.

søndag 21. juli 2019

Utan mønsterark

Eit kort utan bruk av eit einaste mønsterark er ikkje ofte eg lagar. Men av og til er det kjekt å lage kort i andre teknikker enn det eg vanligvis gjer. Her har eg brukt Distress, alcohol-ink, sjablong, paste, Frantage  og stempel. Splash-dies frå Tim Holtz, tekststempel frå Norsk stempelblad og metall frå Korthobby.


Metall frå Korthobby


 Innsida: Pengelomme laga med dies frå Kort & Godt

Scrap the Rainbow: Lag egen bakgrunn
Scrappelyst: Alt er lov
Scrap from your heart: Alt er lov

Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby

søndag 5. mai 2019

Lift veke 18

Her er mitt bidrag til Pop-up liftutfordringen i veke 18. Har klart å levere bidrag i alle 6 vekene. Veldig kjekt å bli med, men godt med ein pause frå vekesutfordringer nå. Så får ein glede seg til forhåpentlig ny runde til hausten.

Sirklane er malt med akvarellfarger, så brukt eit tekststempel frå Kort&Godt og til slutt spraya med pearl Glimmermist.
Paljetter , perler og microperler. Og 2 chipboardhjerter

På innsida har eg gått bananas i bruk av sirkler :)

Her er Jonnas kort som eg har lifta.

Pop-up kort utfordring lift: Veke 18
Scrappelyst: Feiring

Scrapomania: Pastell


søndag 21. april 2019

Lift veke 16

Så klarte eg å bli ferdig med eit kort til liftutfordringen i Pop-up kort utfordringer lift denne veka også. Mixed media er eg ikkje så dreven på ennå, men øver og øver  med det utstyret eg har :)
Var veldig fornøyd med midtpartiet etter å ha hatt på distress og akvarellmaling på arket. Derfor var det dumt at det var akkurat der hovedpynten skulle være :)





Innsida. Her har eg brukt eit papir frå Prima og tekststempel frå Papirdesign

Små papirrester brukes på baksida

Scrap the Rainbow: Konfirmasjon

Pop-up kort utfordring lift: Veke 16

fredag 29. mars 2019

Metallic bakgrunn

Eg liker best blogger når eg skal vera med på utfordringer. Synes det er meir ryddig, oversiktlig og personlig enn utfordringer på Facebook. Men så dukka det opp ein pop-up utfordringsblogg på Facebook som eg syntes såg spennande ut. Pop-up Kort Utfordringer "Lift".  Her blir det lagt ut eit prosjekt kvar veke fram til mai som ein skal lifte.

Her er prosjektet til Jorunn som skal liftes denne veka



Og her er mitt bidrag.
Bakgrunnen er laga med metallic akvarellmaling og embossingplate. Washitape, filmstripe og hulldies frå Tim Holtz, tekststriper frå Norsk Stempelblad og metall frå Korthobby

Her har eg tatt bilde med blits. Kanskje metalliceffekten kom bedre fram på bildet då...



Bast farga med akrylmaling og filmstripa er festa med stiftemaskin. Grovt embossingpulver på "hullene"


Innsida


Pop-up Kortutfordringsblogg: Lift
Korthobby: Alt er lov

torsdag 8. november 2018

Bartekort

Eit bartekort i det eg vil kalle mixed-media light. Bakgrunnen er laga slik: først tekststempel og kvit embossingpulver, så smooshing-teknikken med 3 farger Distress. Og til slutt spæsja litt metallic paint (agean). "Gitteret" er mchipboard som er malt med metallic paint.



Charms frå Krthobby


Tekststempel inni frå Norsk stempelblad

Scrappelyst: Maskulint
Nordsalten hobbyklubb: Maskulin bingo (1 vannrett: bart, tekst og lag på lag)
Scrappegarasjen: Embossing

Papirdukkene: Glitter eller CAS. 


søndag 20. mai 2018

Lilla mixed media light

Etter at eg var på kurs med Katja (Mezzanotteskapar) i Haugesund (Scrap4Fun) i vinter, har eg blitt inspirert til å lage kort  i mixed media-stilen. Vil vel kalle dette mixed media light-stil, for mangler fremdeles ein del utstyr å grise med. Har i alle fall funnet ut at det er lurt å ha på seg forkle når ein lager kort i denne teknikken :) Ein annan ting me lærte på kurset, var å lage pynt i papirleire. Nå har eg laga opp ein del blomster og sommerfugler til å bruke på korta mine.

Blomster og sommarfugl har eg laga av papirleire.
Hjertedies frå Memory box og vimpeldies inni frå Papirdesign.

Microperler inni blomsten og litt rundt om kring

Stensil og glitterpaste har eg brukt både på framsida og innsida.

Scrappelyst: Feiringer
Papirplaneten: Alt er lov
Scrap the Rainbow:Alt er lov
Outside the box: Insekt/sommerfugler + produkt frå Memory box
Scrappegarasjen: Vår  .... blomster og sommerfugler

Scrapomania: Alt er lov

fredag 16. mars 2018

Kurs med Katja

For eit par veker sidan var eg på kurs med Katja( Mezzanotte) på Scrap4 Fun sitt treff i Haugesund. Eg var ikkje med på sjølve helgetreffet, men eg var med på det eine kurset til Katja. Veldig kjekt å vera med på kurs for å lære  nye teknikker. Så nå dukker det heilt sikkert prosjekter i mixed media stilen her i bloggen.  Litt nye innkjøp blei det jo sjølvsagt hos Hobbygarasjen som hadde butikk på treffet, og har oppdaga  at eg trenger mykje meir utstyr til denne hobbyen :)

Her er det første prosjektet eg laga etter kurset.

Sommerfuglene er laga av papirleire. Har brukt diverse sjablonger til både maling og sparkle medium. Bladranken er ein dies frå Memory box



Lekker effekt med sparkle mediun

Rester av tynn blonde bak blomsten og glitterpebbles over teksten

Baksida av tagen

Her er kortet som eg laga på kurset. 


Scrapiness: Stensil
Scrap from your heart: Bingo: Blomst, blonde, dies
Scrappelyst: Din favoritt. Dies. Og kanskje Mixed media blir min nye favoritt :)