torsdag 28. oktober 2021

UFO

 Er det fleire enn meg som har UFO`er liggande? UFerdige Objekter. Eg har ei lita bunke med slike prosjekter. Begynner på eit kort, men av ein eller annan grunn blir dei lagt til sides før dei er ferdige.

Så utfordringen til meg sjølv denne veka, var å gjør ferdig eit slikt UFO-prosjekt. Hadde faktisk 3 påbegynte "Kort i boks"-kort. Alle 3 korta var eg ferdig med å brette sjølve boksen og limt på paneler. Kun pynten inni boksen som mangla.

Usikker på kor mønsterpapiret er frå. Kronedies og tekstdies frå Kort&Godt og påfugldies frå Elizabeth Craft design.

Tutorial på "Card in a box


Bling på krona er frå Kort&Godt. Glittertråd i gull og aqua pynter opp

Framsida når kortet ligger flatt

Baksida

 Muskatt  følger med på fotograferingen frå altanen :)


Hobbykunst: Eske/boks


søndag 24. oktober 2021

Tidspress

Tirsdag kveld fekk eg eit spørsmål om å lage eit konfirmasjonskort til helgas konfirmasjoner. Hadde mest lyst til å seia nei, for å lage kort på bestilling i løpet av 2 kvelder liker eg ikkje. Bruker som regel 2 kvelder på å tenke og leite i papirbunka. Sa likevel ja, og fekk info. om at konfirmanten likte lilla og duse farger, og at ho likte å teikne og male. Då passa dei nye mønsterarka mine frå AB Studio veldig godt. Tirsdags kveld blei brukt til å tenke og leite fram papirer, og onsdag- og torsdag-kveld til å lage kort. Fredag morgon hadde eg kortet med på jobb og leverte det til bestiller. Eg blei fornøyd, bestiller blei fornøyd, så nå håper eg at kortet fall i smak hos mottaker også. 

Klarte å ta på kortet med "stempelsvertefingrer". Dei 2 flekkene klarte eg og skjule med å stanse ut små sirkler i nesten samme farge som bakgrunnen på papiret + at eg limte på litt fleire sirkler litt tilfeldig på kortet. Det blei jo stilig sidan mønsterpapiret også har små sirkler på seg 

Mønsterpapir frå AB Studio, tekststempel frå Norsk stempelblad og blomster laga av dies frå Tim Holtz, gullrundeller og splittbinders. Har splætta litt med lillamaling også.


Litt osteklut pynter opp bak blomstene.

Innsidene av kortet. Har malt med akvarellmaling eit par plasser for å få litt meir lillafarge på mønsterpapiret.


Tag`en er også frå eit AB Studio ark. Her har eg også malt litt ekstra med lilla akvarellmaling på bakgrunnen. Trur både motivet og arka passer til ei ung og kreativ jente.


          Scrapp og skravl: Blader

lørdag 23. oktober 2021

Clean and simple

 Eit CAS-kort som eg blei veldig fornøy med :)

Til kortet har eg brukt craft-papir, mosegummi med glitter frå Kort & Godt, dies frå Papirdesign og 1 bling.


Litt sverte rundt kantene og ein stor bling pynter opp.

Enkelt pynta på innsidene også. Her har eg brukt ramma til diesen til skrivefelt.



Scrap the Rainbow: Brun
Hobbygarasjen: Høst

søndag 17. oktober 2021

Dobbel embossing

 Inne hos Let`s  squash it har dei "Dobbel embossing" som tema denne måneden. Det har eg ikkje prøvd meg på før, så det måtte testes ut. Eg har prøvd meg på den varianten der ein tørrembosser først, og så bruker embossingpulver etterpå. Kjekt med slike tips til kossen ein kan bruke embossingplatene på forskjellig måter.

Eg har brukt ei embossingplate frå Tim Holtz, så kobberembossing, og så Aged mahogany embossingpulver (ser nesten ut som sand)  enkelte plasser.

Dies frå Elizabeth craft design som eg endeleg har fått tatt i bruk.


Luftballongen har eg laga med 3D-effekt.


Innsidene

  • Scrap The Rainbow: Brunt
  • Scrapp og Skravl: Embossing
  • Hobbygarasjen: Høst