torsdag 24. januar 2019

Vimpelkort

Nå har eg prøvd meg på ein ny måte å bruke vimpeldiesen frå Papirdesign på.  Å lage  ein vimpel med vimpeldiesen var jo heilt perfekt :)  Denne vimpelen er til ei tenåringsjente som speler fotball. Denne type kort tenker eg passe veldig godt til barnekort også.

Mønsterpapir og vimpeldies frå Papirdesign.


På baksida er det eit skrivefelt, og bak den svarte stripa er det plass til ei pengegåve.

Papirdesign: Inspirert av bokstaven V. Vimpel
Scrappelyst: Det du liker best. Kort som passer til mottaker.
Scrap The Rainbow: Alt er lov
Scrappiness: Nytt. Mitt første vimpelkort

søndag 20. januar 2019

Kortlift nr.2

Her er mitt 2. kort til Scrapp og skravl sin helgeutfordring.

Her er kortet som skulle liftes:

Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Og her er min lift:
Trur mønsterpapiret er frå Pink Paislee, die frå Papirdesign og metall frå Korthobby


Innsida.

Kortlift nr. 1

Hos Scrapp og skravl har dei hatt ein helgeutfordring som eg måtte prøve meg på. Utfordringen var å lifte dette kortet:
Ingen bildebeskrivelse er tilgjengelig.

Her er min lift:
Kort til ein som er glad i kryssord og sudoku.

Mønsterpapir frå Kaiser craft.


Skrivefeltet inni er eit Krysord.

tirsdag 15. januar 2019

Rosa vinter

Rosa er ikkje den fargen eg først tenker på når eg skal lage vinterkort. Men når utfordringen hos Scrap from your heart er "rosa vinter", mottaker er glad i rosa og dattera mi kjøpte ein pose med rosa, kvite og rød plastikksnøfnugg i Thailand i fjor sommer, då måtte eg jo lage eit rosa vinterkort :)

Eg har fått meg ny tekstdies frå Papirdesign. Den kommer nok til å bli ein ny favoritt :)

Lag nr.3 er eit "baststykke" som eg har malt med kvitmaling. Metallswirler frå Korthobby


Kvit Frantage litt rundt om kring.

Scrap from your heart: Vinter i rosa
Scrappelyst: Det du liker best. Lage personlige kort
Scrap the Rainbow: Alt er lov
Nordsalten hobbyklubb: Gled en venn

Korthobby: Alt er lov

fredag 11. januar 2019

Vinterjubilant

Dette kortet blei sendt avgårde til svogeren min i dag. Han er ein ivrig skiløper, så ski og snø passer bra til han.
Bakgrunnen er laga med 2 blåfarger Distress.
Snøen er laga med Frantage og stempel er frå Norsk Stempelblad.




Innsida

Scrappelyst: Det du liker aller best. Å lage personlige kort
Scrap the Rainbow: Alt er lov
Scrapiness: Fargepalett