Eg har fått spørsmål om eg har ein tutorial på brettinga til lommekort. Det har eg ikkje, for eg husker ikkje kor eg såg denne brettinga. Heldigvis er ikkje denne brettinga vanskelig, og nå har eg tatt bilder av brettinga.
1. Bruk eit kvadratisk ark, og brett spiss mot spiss. Eg pleier å bruke ark som er 25 x 25 cm.
2. Brett videre på denne måten.
3. Og så den andre spissen.
4. Brett så ned den eine klaffa
5. Eg pleier å opne kortet igjen, og klippe vekk dei 2 flikane som er skjult inni kortet. Då blir ikkje kortet så klumpete. Langs linje A, klipper du ca 5mm frå bretten, og langs linje B, klipper du heilt inntil bretten.
Då er det berre til å lime kortet sammen :)
Dette var då enkelt? Då gjenstår det vanskligaste, det å bestemme seg for pynt :)
Oppi kortet kan du lage ein tag med samme form som kortet, eller lage eit kvadratisk kort på ca. 10 x 10 cm
Lykke til med brettinga.