Mønsterpapiret med stjernene på har eg bytta til meg på eit treff her i Sauda. Anne hadde hatt papiret liggande lenge, og fekk ikkje til å bruke det. Eg likte det veldig godt, så då gjore me ein byttehandel, og begge blei fornøyde :)
På kortet har eg brukt 5 forskjellige mønsterark og stjernedies frå Marianne design og Nellie Snellen
Enkel framside...
Glitter rundt kantane og Pebbles over talla.
...og litt meir avansert innside.
Kjekt å lage kort med overraskelser på innsida. Ballonger med dies frå Cottage cutz som er festa på plaststrimler. Diamantbling på alle stjernene.
Scrapiness: Lag på lag og minst 3 mønsterpapir
Scrappelyst: Stjerner
Scrappegarasjen: Bling