Ingen er med oss for alltid....Synes dette verset er så fint til å ha på eit kort eller tag dersom ein skal gi ei blomsterhelsing til heimen. Det blir ikkje til at eg lager opp kondolansekort til kortboksen min, så når eg plutselig trenger denne type kort, blir det ikkje så veldig avansert. Den siste tida har eg måtte lage 2 kondolansetager. Det første til ei dame og det andre til ein mann.
Mønsterpapir frå Maya Design, hjertedies frå Nellie Snellen, bladdies frå Joy crafts, charms frå Korthobby.
Bakside med skrivefelt.
Deltar på desse utfordringane:
Card & Scrap: Tag
Korthobby: Noko med sommer (vårblomster og sommerfugler) + metall frå Korthobby( Charms)
Papirlosjen: Alt er lov
Papirplaneten: Alt er lov + produkt frå Papirplanetet sin nett butikk. Her hjertedies frå Nellie Snellen
Tag nr.2 er til ein mann,så her er fargane litt meir maskuline.