Viser innlegg med etiketten Jentekort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jentekort. Vis alle innlegg

mandag 1. april 2024

Rosa og oransje

 Eit jentekort med friske farger. Blomster-smileyen er eit 3D klistremerke.



Scrappelyst: Knalle farger

  • Bikuben: Rosa og gul
  • Scrappegarasjen: Blomster

søndag 3. mars 2024

Danse mot vår 2

 Når kreativiteten stopper opp, er det greit å lifte sine egne kort.

Hadde 2 ark med denne søte ballerinaen på, så då måtte eg lage eit til nesten likt kort.

Her er det første kortet med denne ballerinaen


Innsidene


søndag 21. august 2022

Gratulerer med pop-up hjerter

Denne Gratulerer-diesen frå Papirdesign har eg brukt fleire gonger til liknande kort. Denne gang har eg laga 1 gult og 1 rosa sidan det er yndlingsfargane til mottakarane. Og denne gang har eg også laga pop-up hjerte inni. 

Vimpel-dies og hjerte-dies er også frå Papirdesign.





  • Skrapp og skravl: Moodboard
  • Hobbygarasjen: ATG

torsdag 10. mars 2022

Danse mot vår

 Let`s craft and create har ein fargeutfordring denne mnd. Lilla og grønn.

I bunka med lilla og rosa papirer fann eg denne søte ballerinaen. Perfekt til eit kort til ei lita jente.

Mønsterpapiret er frå Maja Design og bladdies frå  Craft&You



Litt glittertråder pynter opp. Eg har også hatt litt glitter på alle blomstene i mønsterpapiret, men det viste dårleg på bildet.

Mine kort er ikkje ferdige før eg har pynta litt på innside også. 

Og bitte litt pynt på baksida også.



  • Hobbygarasjen: Vår
  • Papirdukkene: ATG
  • Hobbykunst: Blader
  • Scrapp og skravl: Punch/dies

tirsdag 13. oktober 2020

Fargerikt

I det siste har alle korta mine vore i haustfargar, så nå var det på tide å finne fram mønsterark i friske farger igjen.  Dette kortet er laga etter Scrap the Rainbow sin skisseutfordring. Har brukt mønsterpapir frå ei gammel blokk frå Wild Roses. Blomstene er laga med dies frå Tim Holtz.

Vanskelig å få fram rette farger på bildene.








Innsidene: 

Scrapp og skravl: Glam/glitter


søndag 24. mai 2020

Grønt er skjønt

I helga har eg laga 2 kort med frisk grønnfarge.  Det første kortet er laga med ein ny dies frå Memory box. Bakrunnen er malt med akvarellmaling og sprayet med Perfect Pearl (perfect pearl).

Dies frå Memory Box.


Innsida.  Tekststempel frå Norsk Stempelblad.

Outside the Box: Blomster + dies frå Memory box
Scrap the Rainbow: Regnbue + gratulerer
Nordsalten hobbyklubb: Perler/bling
Ally`s Angels: Alt er lov


Kort nr.2

Scrappesyken: Minst 5 lag

søndag 17. mai 2020

3-D ballonger

2 småkort i størrelsen 10x13 cm. Det er slike småkort eg selger mest av. Skjønner jo at folk ikkje vil betale for mykje for kort til "vanlige" bursdager. Men sjølv om slike småkort ofte er ganske enkle, så prøver eg å lage små spennande detaljer på dei. Her har eg laga 3-D-ballonger.





Innsida. Sidan eg har brukt restepapir, blei det litt "lappeteknikk" på innsida. Bak teksten er det plass til penger.

Dette kortet kan passe til både jente og gutt. Gratulerer-dies frå Papirdesign
 


Siste rest av papiret er brukt på innsida.

Scrappelyst: Moadboard, Kort nr.1 er inspirert av fargane.
Ally`s Angels: Alt er lov
Kreativ scrapping: Bursdag/feiring

Scrapp og skravl: Ballonger
Scrappesyken: Ballonger

mandag 4. mai 2020

Jentekort

Her kommer 3 jentekort som eg har laga til diverse Facebook-utfordringer. Må jo legge dei inn i  her i bloggen min også. Liker å få samle korta eg lager i rette etikettemapper i bloggen. 

Alle desse 3 korta er laga av restepapir.

Kort nr.1. Dies frå Papirdesign

Mulighet for å putte ein seddel bak "Gratulerer"

Kort nr.2

Kort nr.3.



fredag 13. september 2019

Tvillingkort

2 kort til danseglade tvillingjenter. Favorittfargen til ho eine er gult, og ho andre er glad i rosa og lilla. Så sjølvsagt må dei få kort i dei fargane då :)

På bakgrunnen har eg brukt 3-D embossingplate + litt glitter, ovale dies frå Spellbinder, blomst frå Prima og greindies frå Papirdesign.


Usikker på kva navnet på desse glittertrådane er. Dei skifter farge når du beveger på dei.

Innsida

Rosa kort.





Nordsalten hobbyklubb: Dies
Scrappelyst: Knalle farger
Scrap the rainbow: CAS. Dersom desse korta går under kategorien CAS
Ally`s angel: Alt er lov


Scrapp og skravl: Tall
Hobbykunst: CAS

mandag 25. juni 2018

Bees

Her går det i sommerkort for tida. Denne gang 2 kort som kan passe til både små og store jenter.

Som du kanskje har lagt merke til, så lager eg ofte fleire nesten like kort når eg er i gang. Spennande å sjå kor ulike korta blir berre med å bytte ut ein av basisfargene.


Mønsterpapir frå Magnolia, vimpeldies og roser frå Papirdesign, bokstavdies frå Tim Holtz og mosegummi med glitter frå Kort &Godt.

Nr.1

Her har eg brukt gul tyll bak blomsten.

Nr.2


Innside kort nr.1
                                                                     Innside kort nr.2
 

Scrapki-wyzwaniowo: Bees

Scrappelyst: Sommmer og glede
Scrap the Rainbow: Sommer
Papirlosjen: Ferietid

Scrappesyken: Barn

lørdag 16. september 2017

Glitter

Eit shakerkort med glitter og stjerner inni. Som så ofte ellers har eg laga 2 nesten like kort, men viser berre det eg var mest fornøyd med. Det andre var eg litt for gjerrig med glitteret inni stjerna :)
Ingen mønsterpapir på dette kortet, kun washitape med glitter på.
Stjernedies frå Nellie Snellen og bokstavdies frå Tim holtz.



Inni

Bak glitterpanelet er det mulig å legge ein pengeseddel.

Scrappelyst: Striper
Hobbygarasjen: Glitter
Kreativ Scrapping: Fargepalett. Rosa og lilla

søndag 6. august 2017

1 år

Dattera mi trengte "plutselig" eit bursdagskort til ein ettåring. Liker egentlig ikkje å lage kort sånn i full fart, men utrulig kva ein får til når ein har presset på seg :)




Det som eg brukte lengst tid på var dette 1-tallet. Det er ein Grungeboard frå Tim Holtz som eg har hatt på embossingpulver og så smelta inn lilla Frantage glassglitter.

Fargerik innside med eventyrpapir som eg ikkje husker kor er frå.


Hobbygarasjen: Tall
Kort`O`Mania: Sommerfølelse
Scrappelyst: Forbokstaven din: Grungeboard, Glitter og Gullperler
Papirplaneten: Alt er lov

tirsdag 13. juni 2017

2 posekort

To maritime posekort med flotte sommerark frå Maja Design.
Elin i Scrappelyst lager mange lekre posekort, så desse posekorta er inspirert av hennar kort.

Mønsterark frå Maja Design, kantpunch frå MS +++



Trefigur som har fått på seg embossingpulver. Pynta med tyll, osteklut, dråpeperler og microperler



Synes det blei så fint med dei turkise  microperlene.


Kort`O`Mania: Maritimt
Nordsalten hobbyklubb: Embossing
Scrappelyst: La deg inspirere
Kaboks: Vi feirer sommeren