Denne adventskalenderen laga eg for lenge sidan. Tok bilder av den i fjor, men dei blei så dårlige at eg ikkje la dei på bloggen. Bildene blei ikkje av topp kvalitet denne gang heller, og enkelte bilder snur seg fremdeles feil veg når eg laster dei opp til bloggen. Irriterande :(
Kalenderen står inne på teamrommet vårt på jobb, og det er dagens første gjest som får seg ein liten sjokoladebit. Lite som skal til for å glede kollegaer :)
Kalenderen er laga av stiv kartong som er dekorert med mønsterpapir frå My Minds Eye, englestempel og snøfnugg frå Stempelglede.
Dei kvite snøfnugga husker eg ikkje merket på. Masse glitterlim på detaljene
Inni: Konvoluttar laga med dies frå Quic Kutz
Card & Scrap: Engler
Vintage udfordring: Engler
Papiravisa: Alt er lov