Viser innlegg med etiketten Ungdom. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Ungdom. Vis alle innlegg

torsdag 2. april 2026

Ungdomskort

 2 ungdomskort som eg har deltatt med på Facebook-utfordringer




fredag 22. mars 2024

2 fargerike kort

 Eg fortsette med å blogge gamle kort som eg har laga på treff. Ikkje alltid eg har tid til å gjør dei ferdig på innsidene når eg er med på digitreff, så det gjør eg etterpå. Mine kort har alltid litt pynt på innsidene også.

Nr.1




Nr.2





søndag 3. mars 2024

Ungdom

 Eit kort til helgas Digitreff hos Bikuben. Her har eg lifta eit kort som eg laga i fjor. Dette kortet er litt større enn måla i tutorialen: Pop-opp tutorial

Mønsterpapir frp Kaiser kraft og gratulererdies frå Papirdesign.




  • Bikuben digitreff: Bokstaver
  • Papirhobby : Brettekort
  • Scrappekos: Brettekort

søndag 6. mars 2022

Smiley

 Gult er kult. Til dette kortet har eg brukt eit kult mønsterpapiret frå Kort& Godt og fargelagt enkelte av Smiley`ene gule. Sirkel og tall er stansa ut i gul mosegummi med glitter i.

Mønsterpapir frå Kort&Godt, hjørnepunch frå EK-Success, gratulererdies frå Papirdesign og tekststempel frå Norsk Stempelblad.



Her er kortet utbretta.


  • Hobbykunst: Gul
  • Scrapp og skravl: Meir enn 1 brett

mandag 26. juli 2021

Fotballgutt

 Eg har fremdeles ferie frå kortlaging, men eg kan jo blogge kort som eg har laga tidlegare. Her eit ganske enkelt kort til ein fotballgutt.

Vimpeldies frå Papirdesign, fotballring frå DixiCraft, fotballspelar frå Amy Design og embossingfolder frå Tattered Lace.


Til tekst og tall har eg brukt mosegummi med glitter frå Kort&Godt. Har brukt litt kvitt embossingpulver på bakgrunnen.

Charms frå Korthobby

Innsidene. Dei kvite felta er restene som er igjen når ein har stansa ut fotballsirkelen.

Scrappekos: Gutt/mann

tirsdag 4. mai 2021

Rødt, kvitt og blått

For ei lita stund sidan blei eg spurt om å vera gjestedesigner hos Scrap the Rainbow for mai måned. Stor stas å bli sturt, så det sa eg sjølvsagt ja til. Temaet for mai er rødt, kvitt og blått.

Til dette kortet har eg brukt mønsterpapir frå Fabscrap, dies frå Studio Light(basen) og joggesko og stjerner er dies frå Papirdesign,



Innsidene. Eg har bretta "flippene" innover i staden for utover. Limer sammen nederst og i sidene slik at det blir ei lomme til å ha penger/gavekort i.

søndag 28. februar 2021

Fargerikt

Til dette kortet har eg brukt div. alkoholblekk og litt Starlights metallic paint (agean) på stripa, og på det kvite panelet har eg splætta med Distress. Fjørene er gjenbruk frå eit fastelavensris.


Mønsterpapir frå Glitz


Bling og perler pynter opp.

Blei veldig fin shimmer/metallic-effekt med metallic-malingen i tillegg til alkoholblekk.

Innsidene


  •        Hobbygarasjens Digitreff: Lag din egen bakgrunn
  •        Scrappesyken: Karneval

fredag 5. februar 2021

Ristekort til ungdom

Ikkje så ofte eg lager ristekort. Litt dumt sidan det er kort med WOW-effekt. Her har eg laga 2 stk som passer best til ungdomsjenter.  Det eine kortet er til ein bestemt mottaker, og det andre til salgskorga mi. 
Mønterpapir med glitter på stjernene trur eg er frå  Panduro, rammedies frå Spellbinders og chipboardstjerner frå Papirdesign


Kort nr. 2 har eg hatt på ein blomst i staden for stjerne.

Innsidene i korta. Tekststempel frå Staz


Scrappelyst: Stjerner
Nordsalten hobbyklubb: Til kvinnen/jenta
Scrap the Rainbow: Rosa eller rødt

søndag 21. juli 2019

Utan mønsterark

Eit kort utan bruk av eit einaste mønsterark er ikkje ofte eg lagar. Men av og til er det kjekt å lage kort i andre teknikker enn det eg vanligvis gjer. Her har eg brukt Distress, alcohol-ink, sjablong, paste, Frantage  og stempel. Splash-dies frå Tim Holtz, tekststempel frå Norsk stempelblad og metall frå Korthobby.


Metall frå Korthobby


 Innsida: Pengelomme laga med dies frå Kort & Godt

Scrap the Rainbow: Lag egen bakgrunn
Scrappelyst: Alt er lov
Scrap from your heart: Alt er lov

Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby

søndag 5. mai 2019

Lift veke 18

Her er mitt bidrag til Pop-up liftutfordringen i veke 18. Har klart å levere bidrag i alle 6 vekene. Veldig kjekt å bli med, men godt med ein pause frå vekesutfordringer nå. Så får ein glede seg til forhåpentlig ny runde til hausten.

Sirklane er malt med akvarellfarger, så brukt eit tekststempel frå Kort&Godt og til slutt spraya med pearl Glimmermist.
Paljetter , perler og microperler. Og 2 chipboardhjerter

På innsida har eg gått bananas i bruk av sirkler :)

Her er Jonnas kort som eg har lifta.

Pop-up kort utfordring lift: Veke 18
Scrappelyst: Feiring

Scrapomania: Pastell


onsdag 27. februar 2019

Med eller utan?

Med eller utan bånd og hjerte på siden? Eit problem eg ofte har når eg lager kort, er at eg ikkje klarer å bestemme meg. Mønsterark, farger, bretteteknikker eller kva pynt. Då eg endeleg var ferdig med både å lage og ta bilder av dette kortet, begynte eg igjen. Hm, kanskje eg skulle ha på eit metallhjerte også.  Etter at eg hadde pynta med krølla tråd og metallhjerte blei eg i tvil igjen. Hm, kanskje eg ikkje skulle ha med hjertet likevel?  Kva for eit kort likte du best. Med eller utan hjerte?

Mønsterark med glitterstjerner frå Panduro, tekststempel frå Norsk stempelblad og hjerte frå Kort&Godt.

Med metallhjerte



Uten hjerte





Scrappelyst: Glitter og glam

Papirdukkene: Hjerte

torsdag 24. januar 2019

Vimpelkort

Nå har eg prøvd meg på ein ny måte å bruke vimpeldiesen frå Papirdesign på.  Å lage  ein vimpel med vimpeldiesen var jo heilt perfekt :)  Denne vimpelen er til ei tenåringsjente som speler fotball. Denne type kort tenker eg passe veldig godt til barnekort også.

Mønsterpapir og vimpeldies frå Papirdesign.


På baksida er det eit skrivefelt, og bak den svarte stripa er det plass til ei pengegåve.

Papirdesign: Inspirert av bokstaven V. Vimpel
Scrappelyst: Det du liker best. Kort som passer til mottaker.
Scrap The Rainbow: Alt er lov
Scrappiness: Nytt. Mitt første vimpelkort

fredag 5. oktober 2018

U-hu hurra

Nok eit kort med Z-brett. Ikkje avansert bretteteknikk, men synes korta blir litt meir imponerande med litt annerledes bretting.

Mønsterpapir frå Studio Light, chipboard-bokstaver og tall frå Tim Holtz, stjernedies frå Nellie Snellen og ugledies frå Spellbinders.


Bokstavane har fått på seg svart ultrathick embossing og litt kobberembossing. Blei veldig fornøyd med det røffe uttrykket dei fekk :)



Scrappelyst: Tall
Papirlosjen: Meir enn 1 brett
Nordsalten hobbyklubbb: Alt er lov
Scrap from your heart: Dies
Kreativ scrapping: Dies + mann


lørdag 10. september 2016

CAS

I det siste har eg fått meir og meir sansen for litt enklare kort. Men sjølv om korta ser veldig enkle ut, er dei ikkje alltid laga på 1-2-3. Bruker litt tid på å finne papirer som passer og små detaljer som gjør at korta ikkje blir alt for enkle og kjedelige. Er enig med Unni at denne stilen også kunne blitt kalt CAD (clean and difficult) :)

Washi-tape kjøpt hos vår lokale Libris og muffindies frå Marianne design.



Då eg kjøpte denne taperullen, trudde eg den berre inneholdt bilder av cupcakes på blå bakgrunn. Men etter 20 cm blei det donut-motiv på rosa bakgrunn, så då måtte eg lage eit kort med rosa ramme  også.


Enkelt pynta inni også. Stempel frå Kreativ hobby.

Kort`O`Mania: CAS
Papirlosjen: Bursdag
Scrappegarasjen: Bursdag