Viser innlegg med etiketten Toffifee. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Toffifee. Vis alle innlegg

mandag 18. januar 2016

Vårlig toffifee

Lite som minner om vår ute med minusgrader og snø. Men medan ein ventar på våren, kan ein kose seg med vårlige papirer og blomster i kortkroken. Her har eg laga ei vårleg toffifee-eske.

Mønsterpapir frå Inkido, charms frå Korthobby, dies frå Marianne design og Joy-crafts og chipboard frå Wycinanka.


Blomsten har eg laga av organza. Klipt 4 sirkler og varma forsiktig i kantene så kvar sirkel bøyer seg lett.

 Ein liten tag med plass til å skrive ei lita helsing på baksida.

Nordsalten hobbyklubb: Favoritt årstid
Papirlosjen: Favoritter. Dies og blomster
Kort`O`Mania: Tekst som hovedmotiv
Scrapiness: Fargeinspirasjon.

søndag 18. oktober 2015

Meir sjokolade

Har kost meg i kortkroken i helga. Resultatet blei denne toffifee-eska + litt til.
Nå har eg dratt fram så myke stæsj og papirer på spisebordet at det er ganske rotete der :/  På tide å rydde for å få oversikten igjen på kor ting er.

Mønsterpapirer(både det lyse og det lilla ), tekststempel på tag, små roser og roseknopper er frå Papirdesign. Stor rose frå Prima, dies frå Spellbinders og sjokoladeteksten frå Kreativ hobby.


 Ein liten tag som ein kan skrive ei bitte lita helsing på baksida.

Sølvtråder, glitter og perler pynter opp. Det gjør også litt osteklut (farga med lilla Distress) som stikker fram litt her og der..


Papirdesign: Dies
Nordsalten hobbyklubb: Boks
Card&Scrap: Vintage/chabby chic
Kreativ hobby: Dame
Scrappegarasjen: Lag på lag

tirsdag 24. mars 2015

Toffifee

Ei vårleg toffifee-eske til tante sin 70 -årsdag. Ho  jobba på eit bibliotek før ho blei pensjonist. Å lese bøker liker ho fremdeles, så motivet på eska burde passe bra til ho.

Mønsterpapir frå Studio Light, bladpunch frå Nellie Snellen, rammedies frå Marianne design, charms frå Korthobby og roser, gardenia og tekststempel frå Storyteller.


 Litt tyll stukket ned mellom blomstene. Blomstene har eg fargelagt med Promarker for å få den rette fargen


Tag med tekst frå Storyteller. Plass til ei lita helsing på baksida.

Storyteller: Stempel + produkt frå Storyteller
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby
Ett trykk: Jubileumsutfordring nr.16, gave/gaveinnpakning
StampARTic: Stempel

fredag 6. mars 2015

Gult er kult ll

Eg har forelska meg!!!! I fargekombinasjonen gult, turkis og brunt :)  Har laga eit par prosjekter i desse deilige vårfargane nå. Her ei toffifee-eske.
Papira i 6"6"-blokka er ikkje breie nok til ei toffifee-eske, så eg har laga ein skøyt bak motivet.

Mønsterpapir frå Studio light, metall frå Korthobby, splittbinders og roser frå Storyteller, Spellbinderdies, swirledies frå Joy Crafts, #stempel frå Staz og kattestempel frå Deep red






Her har eg lagt skøyten bak blomstene. Ingen som ser at eg har juksa litt :)

Ett trykk: Jubileumsutfordring nr.11: Hjerter
Scrappelyst: Gult er kult
Scrapiness: Vår + 2 dies
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby
Scrappegarasjen: Stempel

torsdag 30. oktober 2014

Lilla toffifee

Takk Anne -Eddie, for denne elegante katten.   Håper du ikkje angre på at du solgte stempelet til meg :) )
Mønsterpapir frå Pion Design og Gorjus, tekststempel på tag frå Storyteller, #stempel frå Staz, roser frå Papirdesign, swirledies frå Joy Crafts og dies frå Spellbinders.


Litt fjører og bling må ein ha :) Osteklut farga med distress

Velurblomst som eg fann i samlinga mi :)

På tag`en har eg brukt eit tekststempel frå Storyteller.

Heile eska har fått ein dæsj med glimmermist, men det vises dårleg på bildene.

Storyteller: Lilla som hovedfarge, eller lilla blomster + produkt frå Storyteller. Her: tekststempel på tag
Scrappelyst: Skisse. Eg har brukt kortskisse nr.8
Papirlosjen: Blonder

tirsdag 2. september 2014

Antikvitet

Denne gang klarte eg å lage ei toffifee-eske som blei maskulin. Den forrige eg laga (eit par innlegg lengre ned) blei litt for feminin med all bling og perler.

Mønsterpapir frå Soryteller og Studio Design, blomster frå Storyteller, tekststempel frå Stamp it, charm frå Kort og Godt, dies frå Spellbinders og la la land. På det bakerste arket har eg brukt embossingplate frå Tim Holtz.
 

 Litt maskinsøm hist og her.

 På ramma har eg brukt tjukk embossing + diverse andre embossingpulver. Synes den blei veldig tøff


Litt pynt på sidene også.


 

Scrappelyst: Fullfør verket
Card and Scrap. Alt er lov

torsdag 7. august 2014

Toffifee

Dette skulle egentlig bli ei toffifee-eske til ein mann, men etter kvart blei det litt vel mykje perler og bling til at denne eska kan kalles mandig :)

Mønsterpapir frå Cosmo criket og Inkido, tekststempel og roser frå Storyteller, flate blomster frå Prima, sommerfugl frå Korthobby og dies frå Tim Holtz. Pappegøyecharmsen er eg usikker på kor er frå.





Litt pynt på sidene også. Diesen oppå eska er stansa ut i tjukk kartong i tillegg til mønsterpapiret for å heve "utklippet".

Scrappelyst: Sol. Her, gul/orange
Storyteller: Bling eller perler + produkt frå Storyteller. Her: tekststempel og blomster
Korthobby: Vintage + metall frå Korthobby. Her: sommerfugl
Ett trykk: Esker
Scrappehjertet: Blomster

mandag 24. mars 2014

Toffifee til mann

Mannfolk har også bursdag av og til. Og sjokolade er vel aldri feil å gi i gave? Her har eg laga ei toffifee-eske.

Mønsterpapir frå Papirdesign, kantdies og filmstripe frå Tim Holtz, og metalltannhjul frå Korthobby



Eit nærbilde av det tøffe papiret som eg synes likner på asfalt.




Korthobby: Innpakning/gave + metall frå Korthobby
Nordsalten hobbyklubb: På hjul. tannhjul og ein bil i bakgrunnen på motivet.

fredag 4. oktober 2013

Toffifee

Denne eska med toffifee, fekk svogeren min til bursdagen sin.
Enkelte ting blir gjort i siste liten her i huset. Som f.eks å ta bilde av det eg har laga. Bildene blei tatt rett før me skulle i selskap, så eg oppdaga ikkje før etterpå at kvaliteten ikkje var heilt topp :)

Mønsterpapir frå Inkido og Kaiserkraft, motiv frå Graphic 45,  kantpunch frå MS og blomst frå K&G.



Cherish this: Lag på lag
Papirdokkene: Orange
Kreativ Scrapping: Høst eller Halloween
Hobbygarasjen: Alt er lov

mandag 20. mai 2013

Lilla og rosa toffifee

Ei toffifee-eske som ei tante av meg skal få til bursdagen sin i neste veke. Godt å vera ferdig med den i god tid før den skal gis vekk.

Mønsterpapir frå Pion design, bladpunch frå Nellie Snellen, blomster frå Prima og Papirdesign (roser)

 

Card&Scrap: Lag på lag
Panduro: Pose, eske eller lignende
Ett Trykk: Ikkje kort
Kort`O`Mania: Bingo. Bånd, blomst og metall

tirsdag 15. januar 2013

Vertinnegave

Denne toffifee-eska fekk ein kollega av meg då ho inviterte til "Piker, vin og sang"-kveld. Ein kjempehyggelig kveld der ein gjeng med damer sang gode gamle sanger frå 60-tallet og oppover. Dette motivet frå Kreativ hobby passa godt til ein slik kveld :)

Mønsterpapir m/glitter frå Nille, rose frå Kort&Godt, dies frå Marianne design og kantpunch frå MS.


Scrappin all over: Vertinnegave
Card&Scrap: Punch
Papirdokkene: Jentete
Scrap`a`long: Glitter og stas


onsdag 11. juli 2012

Toffifee

Innimellom husoppussing, tar eg meg tid til litt kortlaging også. Denne gang blei det ei toffifee-eske i lillafargar. Bk motivet er det ein tag til å skrive ei helsing på.

Mønsterpapir frå Maya Design, dies frå Marianne Design, sommerfugler og kantpunch frå MS.


Rosetten er laga av silkepapir med dies frå Nellie Snellen. Har sprayet  papiret og ostekluten med distressink, så nå ser fingarne mine ut som om eg har vert på blåbærplukking :)

Kort`O`Mania: Sommerfugler
Card&Scrap: Vinger
Papiravisa: Bildeinspirasjon - Lilla og gult
Vintage Utfordring: Alt er lov


lørdag 21. januar 2012

Toffifee

Ei toffifee-eske til ei veninne i bokklubben. Og sidan ho er glad i å synge (og flink), måtte eg ha litt noter på eska også. 
På papiret eg har brukt her, er mønstert i velur/stoff. Har hatt det så lenge at eg ikkje vett kor det kommer frå.
Swirle frå Marianne Design, Tag`en er laga med Spellbindersdies, tall med Cricutmaskina og så fleire lag med Glossy accents og den flotte blomsten fekk eg i RAK frå Gunn Elin. Maskinsøm





Kort`O`Mania: Søt som sukker
Papirdokkene: Noe gammelt (det meste på eska) og noe nytt (blomsten som eg har fått av Gunn Elin)
Scrapperiket: Søm
Scrap`a`long: Anything goes

Eg har fremdeles problemer med å lese kommentarer når eg bruker Internett explorer som nettleser, med fungerer med Google Chrom eller Firefox. Tips til andre som også har problemer.

lørdag 3. september 2011

Toffifee

Skissa til Sketchy Colors passa perfekt til å dekorere ei toffifee-eske, så då blei det det denne veka.
Her har eg brukt mønsterpapir frå Pion design (sommerfugler og "målbånd") og TPC-studio, blomster frå Prima, stor halvperle frå Kort og Godt, swirle-dies frå Quic Kutz, gamle perlemorknappar og blonde frå ei gammal duk. Tusen takk for bildet Connie :)
Kantane er sverta med Distress-ink (vintage photo).


Kort`O`Mania: Blonder/bånd
Panduro: Resirkulering el embalasje
Scrap`a`long: Distessing el. embossing
Kort og Godt: Die-cuts

Viss du har vil bli med på candy`en min, så kikk i innlegget under.

onsdag 27. april 2011

Toffifee

Ei eske med toffifee til ei som er glad i engler året rundt, og ikkje berre til jul :)
Mønsterark frå Maja design og Papirdesign (engelen), hjørnepunch frå MS, blå blomst frå Prima ?, kvit rose frå Kort & Godt, fjører frå Panduro og kakeserviett frå Kreative hender. Bokstavane er skrevet med CriCut
Sketchy colors: blå, beige og kvit
Scrappekammeret: Alt er tillat
  

tirsdag 25. januar 2011

Toffifee

Ei ekstra stor toffifee-eske til ein bridgespelande bonde. Har laga den etter Sketchy Colors si skisse. Skulle eigentleg ha ein tag bak bildet,  men var litt for ivrig og sydde fast bildet før eg huska på det :)
Mønsterpapir frå Prima og Crate Paper. Internettbilde av  Lowell Herrero.
Sukkersøtt sin utfordring: Lag et kort/prosjekt som inneholder sjokolade

lørdag 15. januar 2011

Toffifee

Har vert utan internett heima i litt over ei veka, og kjenner at eg begynner å få abstinenser :) I dag klarte eg og komme innpå via ein mobiltelefon, men hastigheten er reine sirupen, så eg får desverre ikkje tatt turen innom andre kortblogger :(   Og ungane står i kø for å komme inn på facebook. Utruleg kor avhengige me er blitt av internett.
På denne vinterlige toffifee-eska har eg brukt mønsterpapir frå Melissa Frances, blomster og metallpynt frå Kort og Godt og ramma rundt bildet er laga med dies frå Nellie Snelle.

Kort og Godt: Vinterleg med lyseblått og kvitt.
Kort`O`Mania: Charms og/eller metall.

onsdag 24. november 2010

Toffifee

Ikkje julekort denne gang, men ei dekorert toffifee-eske i duse fargar. Mønsterpapir frå TPC-studio, stor blomst frå Kort & Godt, liten blomst frå Prima og fjøra er frå Panduro.
Nordsalten hobbyklubb sin utfordring er : la deg inspirere av et englebilde.

torsdag 7. oktober 2010

Toffifee

Eit kjapt innlegg , og så må eg fortsetta med pakkinga. Høstferien starter i mårå, og då skal me reisa til Kreta. Håper det er litt sol og varme igjen til oss der nede  :)
Har laga ei toffifee-eske, igjen. Og fleire kommer etterkvart.
Mønsterpapir frå Maya Design og dei fleste blomstene frå Kort og Godt.
Ett trykk Trykkpressa sin oktoberutfordring er : Bånd/blonder, blomster og bling + rosa.
Kort og Godt sin utfordring er: blomster og perler og minst 1 produkt frå Kort og Godt


søndag 19. september 2010

Toffifee-eske

Endelig er eg ferdig med toffifee-eska som eg begynte på då eg var på korttreff på onsdag. Første gang eg har vert med på treff. Veldig kjekt sjølv om eg ikkje var så produktiv. Spennande å sjå kva dei andre laga, få tips og ideear. Og så syntes eg det var vanskelig å veta kva ein skulle dra med seg av pynt og utstyr - det begynner jo å bli ein del  :)  Men eg lærer vel etter kvart.
Eska laga eg etter skissa til Trykkpressa sin utfordring.
Mønsterpapir frå TPC-studio og blomster frå Prima