mandag 24. mars 2014

Toffifee til mann

Mannfolk har også bursdag av og til. Og sjokolade er vel aldri feil å gi i gave? Her har eg laga ei toffifee-eske.

Mønsterpapir frå Papirdesign, kantdies og filmstripe frå Tim Holtz, og metalltannhjul frå Korthobby



Eit nærbilde av det tøffe papiret som eg synes likner på asfalt.




Korthobby: Innpakning/gave + metall frå Korthobby
Nordsalten hobbyklubb: På hjul. tannhjul og ein bil i bakgrunnen på motivet.

torsdag 20. mars 2014

Ny teknikk

På mi vandring rundt i bloggverden, kom eg over denne måten å bruke dies på. Å bruke "hullet" som blir i arket i når ein stanser ut.

Mønsterpapir frå Maya Design og Melissa Frances (prikker), tekststempel og roser (farga med Promarker) frå Storyteller, sykkeldies frå Marianne Design. Den flotte sommerfugldiesen veit eg ikkje kor er frå, for den var i ein trøstepremie eg fekk for lenge sidan (takk Unni)



 Litt glitter hist og her

Inni har eg brukt dies frå Tim Holtz, tekststempel frå Kreativ hobby og kantpunch frå EK-Success


Storyteller: Alt er lov + produkt frå Storyteller
Nordsalten Hobbyklubb: På hjul

torsdag 13. mars 2014

Til ungdommen

Kort i rødt og kvitt trur eg ikkje at eg har laga før (utenom julekort), men så har Trykkpressa ein utfordring der ein skal lage noko til ungdommen i dei fargane, så då må eg jo prøve det + at eg hadde eit nydelig Pionark i rødt og kvitt som eg ikkje har funnet ein anledning til å bruke før.

Mønsterpapir frå Pion design, stempel frå Kreativ hobby, kantpunch frå MS, hjørnepunch frå EK-Success.



 
 Søte blomster? Dei er laga av små roser frå Storyteller. Har tatt vatn på rosene for å løsne laga frå kvarandre. Det blir 3 blomster av 1 rose. Kossen eg kom på det? Ein gong eg skulle farge ei rose, sprayet eg rosa med litt for mykje lilla distressink slik at rosa gjekk i oppløysning. Rosa blei ødelagt, men i staden fekk eg søte små lilla blomster :)

 Skrivefelt inni.
 
Ett trykk (Trykkpressa): Rødt og kvitt + ungdom
Storyteller: Punch eller kantdies + produkt frå Storyteller
Papirdokkene: Minst 10 perler eller bling
Scrapomania: Vårlig

lørdag 8. mars 2014

Konfirmasjon

Då var eg i gang med årets konfirmasjonskort. Godt å vera tidlig ute i tilfelle det blir ein vår med mykje sol og eg heller får lyst til å putle på i hagen, eller male hus :)
Til ramma og nøkkelen har eg stansa ut 4 lag med kartong for å få litt høgde.  Så har eg hatt på mengder med Frantage og smelta det heilt. Veldig fornøyd med ramma :)

Mønsterpapir frå Maja Design, nøkkel er dies frå Marianne Design, ramma med dies frå Spellbinders.
Maskinsøm rundt panelene.



Inni: Tekststempel frå Kort og Godt


Card&Scrap: Dies
Hjerteboden: Konfirmasjon
Kreative Verden: Tekstil
Scrapomania: Vårlig

mandag 3. mars 2014

Vårlig rammekort


Då var vinterferien over, og ny arbeidsveke i gang. Har hatt ein rolig ferie heime. "Stelt" for jentene som har vert heime på ferie, gått turer med hunden og sjølvsagt litt kortlaging :) Har fått gjort ferdig påbegynte prosjekter og starta fleire nye. Har ein uvane å begynne på nye kort før eg har gjort ferdig det eg holder på med.
Her er eit slikt prosjekt. Var så fornøyd då eg var ferdig med framsida, at innsida blei sett på vent :)
Rammekortet er laga etter denne malen.

Swirledies frå Marianne design, bladpunch frå Nellie Snellen, kantpunch frå EK-Success, blomster frå K&G og Storyteller.

Mangen små halvperler rundt om kring. Motivet er eit svart/kvitt-foto som eg har fargelagt med Promarker



 
Tekststempelet inni er frå Storyteller.

Card&Scrap: Dies
Storyteller: Punch eller kantdies
Papirdokkene: Minst 10 perler eller bling
Scrappin all over: Osteklut
Kreative verden: Tekstil

lørdag 1. mars 2014

Dobbel glede

Dobbel glede blei det då det blei født tvillinger i slekta!!


Mønsterpapir frå Melissa Frances og hjertedies frå Nellie Snellen.  Tusen takk til deg Trine, for lån av kronedies.


 
Dei kvite hjertene har fått eit par lag med Glossy accent. Mini halvperler frå Panduro rundt  hjertene.
 
 


Storken er eit stempel frå Kort&Godt. Egentlig er det berre 1 baby oppi tørklet på stempelet, men eg teikna ein ekstra baby til denne anledningen :)


Baksida av kortet.
 

Papirdokkene: Minst 10 perler eller bling
Card&Scrap: Dies
Hobbygarasjen: Baby/barn
Vintage udfordring: Monokromatisk