Viser innlegg med etiketten Dressjakke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Dressjakke. Vis alle innlegg

fredag 15. mai 2026

Dressjakke

 Eit dressjakkekort til ein som ikkje skulle ha skjorte men kvit bestefarstrøye under konfirmasjonsdressen.  Syntes det såg litt nakent ut utan slips, så pynta med grønne blomster. Sjølv om desse dressjakkekorta er ganske like, så blir dei jo likevel forskjellige når eg lager dei personlig med tilpassing av farge på dress, skjorte og slips. Og ofte med interesser på innsida av korta.

Dressjakkedies frå Papirdesign.


Innsidene. Tekststempel, vippsdies og konfirmantdies frå Papirdesign

  • Skrappelyst: Feiring
  • Papirdukkene: ATG
  • Scrappekos: Fest
  • Hobbykunst: Dies, men ikkje til tekst

søndag 12. mai 2024

Dressjakke med blåmønstrete slips

Bestillingskort til konfirmant med blå dress, blåmønstrete slips, brune sko og interessert i fotball.

Hadde ikkje mønster som likna slipset, så fekk eit bilde av slipset. Redigerte bilde og skreiv ut. Etter at eg hadde tatt dette bildet, såg eg at det var ein skygge på den delen av bildet som eg stansa slipset ut i. Blått oppe, og nesten svart nede på slipset. Sånn irriterer meg, så då var det til å lime på eit nytt slips i rette farger. Glømte å ta bilde etterpå. 

Dies og mønsterpapir frå Papirdesign. Tekststempel frå K&G og Norsk stempelblad.



Innsidene

Scrappelyst: Feiring

  • Hobbykunst: Norsk tekst
  • Papirdukkene: Feiring
  • Scrappesyken: Fest
  • Scrappekos: Jubileum

lørdag 13. april 2024

Dressjakke med lillastripete slips

Dressjakkekort lager eg som regel kvart år sidan eg har denne flotte diesen frå Papirdesign. Korta blir ganske like, men prøver å lage dei personlige med å lage dei i dei fargane konfirmanten har på dress, skjorte og slips.
Dette er til ein med blå dress og slips med lilla striper. 


Innsidene


 Scrappesyken: Konfirmasjon

torsdag 4. mai 2023

Dressjakke med parsley-slips

 Dressjakkekort til nevøen min sin konfirmasjon. Han skal ha svart dress, kvit skjorte og slips med parsley-mønster. Parsley mønster hadde eg aldri hørt om, så eg fekk svigerinna mi til å sende bilde av slipset. Redigerte bildet og skreiv det ut, så slipset her er heilt likt det han skal ha på seg til konfirmasjonen. 



Innsidene.

Scrappelyst: Feiring

Creative fingers: ATG

Hobbykunst: Dies som hovedmotiv

Papirdukkene: ATG

tirsdag 4. april 2023

Stilreint dressjakkekort

Her kommer første av årets dressjakkekort. Kjekt å lage dei i fargane som konfirmanten har på dress, slips og skjorte. 

Mønsterpapir og tekststempel inni er frå Papirdesign


Innsidene

Hobbykunst påskemaraton: Fri oppg.



torsdag 5. mai 2022

Konfirmant med oransje slips

Nok eit konfirmasjonskort med dressjakke. Kjekt å kunne lage dei i dei fargane som konfirmanten har på dress, slips og skjorte.

Tekststempel på framsida, mønstepapir (Julehilsen, betong) konfirmantdiesen inni er frå Papirdesign.


Innsidene. Har brukt det samme mønsterpapiret inni også. Lite som minner om jul sjølv om det er frå serien Julehilsen :)


  • Hobbykunst: Norsk tekststempel
  • Scrap The Rainbow: Inspirasjonsbilde


onsdag 13. april 2022

Dressjakke

 Nok eit dressjakkekort til konfirmant. Dette kortet skal gis til ein med blå dress, kvit skjorte og blomstrete slips. Bakgrunnen er brun sidan han skal ha brunt belte og brune sko. Inni kortet har eg brukt eit mønsterpapir med fisker på sidan mottaker liker å fiske.


Innsidene.

  • Scrapp og skravl: Konfirmasjon
  • Scrappesyken: Konfirmasjon
  • Kreativ scrapping: Konfirmasjon
  • Hobbykunst påskemaraton: Dies som hovedmotiv

mandag 4. april 2022

Dressjakkekort med barkebakgrunn

 Kvart år lager eg slike dressjakkekort som konfirmasjonskort. Liker då å få eit bilde av dress, skjorte og slips til konfirmanten, slik at eg kan lage kortet mest mulig likt. Til dette kortet har eg brukt mønsterpapir med barkmønster og ski sidan mottaker er eit friluftsmenneske både vinter og sommer.

Mønsterpapir med bark og ski (innsida), tekststempel framsida og guttedies er frå Papirdesign. Dressjakkedies frå X-cut


Innsidene


Papirdesign: Moodboard

  • Scrapp og skravl: Konfirmasjon
  • Papirdukkene: ATG
  • Scrappesyken: Konfirmasjon
  • Kreativ scrapping: Konfirmasjon

fredag 5. mai 2017

Dressjakke

To nesten like dressjakkekort. Det nederste skal nevøen min få til konfirmasjonen sin til helga. Han skal ha på seg svart dress, kvit skjorte og blått slips, så då måtte eg lage eit kort med det.

Mønsterpapir frå Maja design, dies frå X-cut og tekststempel frå Norsk Stempelblad.





Scrap from your heart: Konfirmasjon
Scrappelyst: Feiringer
Ett trykk: Bruke konf.stempler frå Norsk Stempelblad

fredag 14. oktober 2016

Dressjakke

Ny die frå X-cut måtte testes ut nå i haustferien. I staden for å lage kun dressjakken, limte eg fronten på dressjakken på eit kort.


 Strukturen i det brune arket passa perfekt til dressjakke.

 Flittig bruk av sirkeldies på innsida :)

Scrappelyst: Retro
Hobbygarasjen: Maskulint/til mannen
Papirplaneten: Maskulint
Hjerteboden: Maskulint