Allsort Challange: Blomster eller krans
søndag 17. desember 2023
Toffifee med lukt
Allsort Challange: Blomster eller krans
tirsdag 12. desember 2023
Snø-tag`s
3 stk tag`s som skal brukes til gavekort(lapper) frå Det gule hus her i Sauda
Sløyfene er laga med dies frå Tim Holtz og votter og tekst med dies frå Papirdesign.
Bakgrunnene er laga med embossingfolder.
- Allsort challenge: Something beginning with B : Bow
- Hobbykunst: Jul
- Papirdukkene: Jul
- Papirhobby: Alt er lov med norsk tekst
mandag 4. desember 2023
3D-hjerter og kongler
Eit lite kort som skal brukes til gavekorta frå Det gule hus her i Sauda.
Til flettekanten har eg brukt malen frå Paper Pizazz, og ore-konglene er sånn som eg plukker med meg når eg er på tur :)
Mønsterpapir og tekstdies er frå Papirdesign.
- Allsort challenge: Sting
- Creative fingers: ATG
- Scrappelyst: Jul
lørdag 25. november 2023
Rosa jul
Rosa er jo ikkje ein typisk julefarge. Men sidan mottaker er glad i rosa og liker å gå på ski, så blei det ett rosa julekort.
Mønsterpapir frå Maja Design, skidies frå Papirdesign og embossingplate frå Gemini
Og her ett i gråtoner.
- Scrappelyst: Snøkrystaller
- Allsort challenge: Vinter
- Hobbykunst jul: Ikkje rødt
torsdag 23. november 2023
Til og frå lapper med snøfnugg
Til desse Til og frå-lappane har eg brukt merkelapper frå klær. Samler jo på mykje som eg kanskje kan bruke til papirhobbyen min :)
Vibeke ( i Boblende kreativitet) sin inspirasjonskveld denne veka var å lage Til og frå-lapper med gjenbruk av gamle merkelapper.
Har brukt restepapir på 2 av lappene. den i midten er malt med Gesso og kvit serviett.
Merkelapper som er klare for gjenbruk :)
- Scrappelyst: Snøkrystaller
- Allsort Challenge: Jul
- Boblende kreativitet: Inspirert
- Hobbykunst: Vinter og snø
søndag 19. november 2023
Slide-kort med kakemann
Dette kortet er laga etter inspirasjon frå Ilmy (Boblende kreativitet), si sending denne veka. Eg har laga eit par slidekort for lenge sidan, men aldri som julekort. Godt å få tørka støv av gamle bretteteknikker. Kommer garantert til å lage fleire kort med denne brettinga.
Ett trykk hadde ein artikkel om slide-kort i juni 2008.
Kakemannarket og god jul-dies er frå Papirdesign. Motivet er funnet på Pinterest.
- Boblende kreativitet: Inspirert
- Papirdukkene: Jul
Allsort Challenge: Jul
torsdag 9. november 2023
2 stk CAS julekort
Dette kortet laga eg etter inspirasjon frå Boblende kreativitet sine livesendinger denne veka.
CAS julekort og kattemotiv.
God jul er stansa ut i mosegummi med glitter og motiv er funnet på nett.
Let`s craft and create sin utfordring er falske eller ekte sting. Falske sting på rektangeldiesen
Let`s Craft and Create: Sting
- Boblende kreativitet: Inspirert. CAS og kattemotiv
- Papirdukkene: Jul
tirsdag 7. november 2023
Julekort med vott og skøyter
I forrige mnd laga eg 2 julekort med denne bretteteknikken og i blåfarger. Denne gang har eg laga 1 med pastellfarger og med votter. Papirene er frå 1 blokk frå Maja Design.
- Scrappelyst: Snøfnugg
- Allsort Challenge; Outdoor/ATG
- Hobbykunst: Ikkje rødt
- Scrappesyken: Lag på lag
Gull og svart
På Det Gule Hus (gjenbruksbutikk) her i Sauda går det an å kjøpe gavekort. Men gavekorta er kun ein kasselapp med verdien på. Så nå lager eg små kort og Tags så kasselappen kan henge på, og som eg selger i gjenbruksbutikken. Litt kjekkere å gi/få eit gavekort då håper eg :)
Her 2 tager i svart og gull.
Tagdies frå Studio Light, embossingplate frå Cuttlebug, og tekstdies frå Papirdesign-
- Scrappelyst: Snøkrystaller
- Allsort Callenge: Outdoor/ATG
- Papirhobby chit chat: Jul i gull
torsdag 2. november 2023
Kort med julestjerner
Dette kortet er laga etter inspirasjon frå Jorunn i Boblende kreativitet. Ein ny bretteteknikk (for meg) som måtte testes ut.
Julepapirene og tekststripa er frå Papirdesign.
mandag 30. oktober 2023
2 Høstkort
2 høstkort som eg har deltatt på utfordringer på Facebook for ei stund sidan. Må jo få dei inn i arkivet mitt her i bloggen også :)
Gullembossing på dei innerste blomsterbladene.
Bære og bære
Eit kort som eg har deltatt med i konkurranse på Facebook for lenge sidan
Stempel frå Kreative hender
3 julekort
onsdag 25. oktober 2023
Sykkel med høstfarger
Allsort Challange: Høst














.jpg)










.jpg)



.jpg)










.jpg)
.jpg)


.jpg)
.jpg)





