lørdag 14. august 2010

Mannfolkkort

Skal i bursdag neste helg, så då må eg jo ha klart eit mannfolkkort. Laga kortet etter Sketchy colors si skisseutfordring.
 Litt uklare bilder. Kanskje eg trenger nytt kamera?

Stempel frå Norsk Stempelblad, mønsterpapir frå Dream Street Papers (takk Guri Anne) og gamle metallknapper.


Uvant å ikkje pynte med blomster på framsida, så derfor blei det blomster på innsida istadenfor :)

onsdag 11. august 2010

Konvoluttkort

Har laga eit kort etter Kort & Godt Hobby sin utfordring som er: et tekststempel som hovedmotiv, minst 3 brads, blonde og bånd,  turkisfarge skal være representert og minst ett produkt frå Kort & Godt Hobby (metallhjerte). Må vist ein tur innom nettbutikken til K&G, for dei hadde fått inn mange lekre nyheter :)

Mønsterpapir frå Nille, fjører frå Panduro, blomster frå Prima og blonder frå ein gammal duk.



Og inni ....


I mårå begynner eg på jobb igjen etter nesten 8 veker ferie.  Blir derfor litt roligare her i bloggen framover .... kanskje :)

tirsdag 10. august 2010

Jippi !!!!

Eg vann Benedicte sin candy. Første gang eg vinner ein candy, så nå gleder eg meg som ein unge til pakken kommer. Og kanskje  mine stjerner og planeter er i riktige posisjoner, så derfor blir eg med på dette hemmelige sukkertøyet. Det er lov til å håpe :)

onsdag 4. august 2010

Toffifee-eske

Endelig fekk eg brukt bildet av desse søte kattane som eg har hatt liggande ei stund. Sketchy colors sin fargeutfordring passa perfekt til dette bilde. Har brukt Skisseboden sin skisseutfordring til hjelp. Mønsterpapir frå Maya design, og det passa jo godt til Ett trykk sin fargeutfordring.  Jøsses, 3 utfordringar på ein gong. Det er første gang eg har klart det :)
Bak kattebildet er det ein tag til å skrive ei lita helsing.


Sketchy colors sin fargeutfordring:


Ett trykk sin fargeutfordring:

fredag 30. juli 2010

2 Tepose/after-eight-kort

Har laga eit after-eightkort som eg deltar i Kort og Godt Hobby sin utfordring: Bruk fargane kvit, krem og mint + minst 1 produkt frå Kort og Godt. (Stempel, sommerfugl og små blomster)
Mønsterpapir frå Graphic45.
Stempel inni frå Storyteller



Og inni ser det slik ut...
Knappane inni blomstene er gamle perlemorknappar

Og her er kort nr. 2. Samme mønsterark på dette kortet. Greit å få brukt opp heile arket så ein slipper å ha alt for mange smårester liggande :)


Og inni.....

torsdag 22. juli 2010

Ny utfordringsblogg

Musikkstua er ein ny spennande utfordringsblogg, med inspirasjon frå musikk, sang og tekstar. Første utfordring starter 1.aug.
Og mens du venter, kan du delta på flott Candy. Gå inn på sida og sjekk ut!!!


tirsdag 20. juli 2010

Serviettkort

Fant ein serviettpakke som eg berre må sende i bursdagspresang til ei veninne. Har ikkje sendt kortet ennå, så eg har sendt melding om at mottaker ikkje har lov til å gå inn på bloggen min denna veka. Håper du har klart å holde deg Linda :)
Har brukt skissa til Scrappekammeret.
Mønsterpapir frå 3ndypapir og (som vanlig) bilde frå internett. Har jo litt stempel liggande, men eg har ikkje  heilt fått til å fargelegge, så eg har lagt det litt til sides for ei lita stund :)


Og her er innsida og serviettpakken