onsdag 19. januar 2011

Tepose-kort

Ser at det har blitt mykje blått på meg i det siste, men ho som skal få dette kortet er glad i blått, så då blei det blått denne gangen også :)
Har prøvd meg på Trykkpressa (Ett trykk) sin utfordring : kort i monokromatiske farger.
Scrappekammeret: Minst 4 blomster, alle ulike.
Mønsterpapir frå Papirdesign, blomster frå Prima og stempel frå Inkido som eg har brukt embossingpulver på (Lapis).



Og sånn ser det ut inni......

lørdag 15. januar 2011

Toffifee

Har vert utan internett heima i litt over ei veka, og kjenner at eg begynner å få abstinenser :) I dag klarte eg og komme innpå via ein mobiltelefon, men hastigheten er reine sirupen, så eg får desverre ikkje tatt turen innom andre kortblogger :(   Og ungane står i kø for å komme inn på facebook. Utruleg kor avhengige me er blitt av internett.
På denne vinterlige toffifee-eska har eg brukt mønsterpapir frå Melissa Frances, blomster og metallpynt frå Kort og Godt og ramma rundt bildet er laga med dies frå Nellie Snelle.

Kort og Godt: Vinterleg med lyseblått og kvitt.
Kort`O`Mania: Charms og/eller metall.

mandag 10. januar 2011

Flaskekort

Eit kort til ein "gammal" skiløpar som har bursdag i dag. På kortet har eg festa ei metallsnor (frå ein prislapp), slik at kortet kan henges på ei vinflaske.
Mønsterpapir frå My Mind`s Eye, snøkrystaller med punch (EK) og bildet har eg funne på internett.
Nordsalten hobbyklubb sin utfordring : vinterkort




torsdag 30. desember 2010

Svingkort

Mitt  første svingkort, og mitt første  motiv fargelagt med Promarkers. Veldig kjekke å bruke, men oppdaga fort at eg trenger maaaange fleire fargar for å få litt meir liv i fargelegginga :)
Har brukt digistempel som Bodil har laga. Passa perfekt til niesa mi som blei 6 år.
Mønsterpapir frå Basic Grey og Ladybug and friends, blomster frå Prima og Kort og Godt.

 




fredag 17. desember 2010

Siste julekort for i år

Dette blir det siste juleinnlegget for i år. Nå er eg ferdig med å lage alle julekorta, så nå gjenstår det berre å skrive ei julehelsing på dei og få dei av gårde i posten. Kortet har eg laga etter Sketchy colors si skisse. Mønsterpapiret stod det ikkje navn på, så då vett eg ikkje kor det er frå. Motivet er frå eit papir frå 3ndy paper, sølvnetting frå Libris, og bling kjøpte mor mi i Nederland. Og så har eg sydd med sølvtråd rundt kantane. Eit tålmodighetsprosjekt, for tråden sleit ganske ofte :) Glitterlim (Diamond) på snøfnugg og motiv. Såg litt voldsomt ut på bildet, men lysforholda får ta skylda :)
Sketchy colors: skisse
Musikkstua: Let it snow


God jul til dåkken alle hyggelige bloggere :)


mandag 13. desember 2010

Sjokoladeeske

Ei dekorert melkehjerteeske som blei gitt som vertinnegave i helga. Trur ikkje eg kommer til å dekorere så mange slike esker. Syntes det var vanskelig å få den fin på sidene pga opninga. Enklare å dekorere Toffifee-esker.
Mønsterpapir frå Maya Design, Nellie Snellen-punch til julestjerne og blader, halvperler frå  Nellie og metallsnøfnugg frå Kort og Godt. Rødt "gitter" har eg klipt av ein juleløper :)
Kort og Godt: Pynt ei eske, metallpynt og minst 1 produkt frå K&G.
Musikkstua: Let it snow

Og medan eg har lagt inn dette, har eldstejenta bakt brune pinner. Nam, nam :)

fredag 10. desember 2010

Endelig voksen

Nå er eldstejenta blitt 18 år og voksen, og kan gå ut på "byen" i lag med dei andre som blei 18 for leeeenge sidan. Til den store dagen laga eg dette kortet med "trekkspill-lomme" inni.
Mønsterpapir med glitter er frå My Mind`s Eye, blomster frå Prima og Kort og Godt og bildet er frå internett.
Bursdagsbarnet i That`s just so cute, Pia, vil sjå prosjekter med blått i, så her er mitt bidrag.

Enkelt pynta på innsida.