tirsdag 15. februar 2011

Guttekort

Dette kortet fekk nevøen min til bursdagen sin. Han bur på hybel, så eg håper han setter pris på ei lita "gammaldags" bursdagshelsing i posten i tillegg til facebookhelsingar.
Kortet er laga etter Trykkpressa (Ett trykk) si skisse.
Scrappekammeret feirer fremdeles bursdag, så den utfordringen blir eg også med på.
Mønsterpapir: Bella
Spempel: Norsk Stempelblad.  Teksten på stempelet viser litt dårleg på bildet, men det står : Det var en sånn en du ønsket deg, ikke sant?
Blomster: Prima



Og inni: lomme til eit kryssordflaks



fredag 11. februar 2011

Babykort

Har laga eit babykort etter Sketchy Colors si skisse.
Mønsterpapir frå Paper House, blomster frå Kort&Godt, metallhjerte frå Kuttut og fjører frå Panduro.
Internett er elendig for tida, så det blir dårleg med besøk i andre blogger  :(

Nærbilde av blomster med fjører.
Likt oppsett på begge sidene inne i kortet, så eg viser berre bilde av eine sida..
God helg :)

mandag 7. februar 2011

Vårkort

Lengter etter våren nå, men må nok vente ei stund til, for her er det over 1 meter med snø i hagen. Heldigvis er våren komt til scrappeverdenen, og Sukkersøtt sin utfordring denne veka er: vårlige prosjekter i grønt og rosa.
Mønsterpapir frå Melissa Frances,  M.S-punch på blonde og små sommerfuglar, stor blomst frå Kuttut med brads frå Memories inni og blomster inni kortet frå Søstrene Grene.
Scrappekammeret feirer 1-årsdag, og ønsker å sjå bursdagskort.



Og inni.... 

fredag 4. februar 2011

Avlangt bursdagskort

Sist helg var eg  i Stavanger ein tur. Hadde planlagt å handla inn nye papirer og utstyr, men den gang ei. Då eg kom til butikken, viste det seg at den var lagt ned :(   Så då må eg ta ein handletur på nettet i helga. Liker egentlig best å handle i butikk, men når ein bur "langt ute på landet", er det greit å ha nettbutikker tilgjengelig.

Mønsterpapir frå Maja Design, metallhjerte frå Kuttut, silkeblomster frå Søstrene Grene, tekststempel frå Storyteller og gamle blonder.
Skechy Colors: Brun, blå, kvit
Kort`O`Mania: Kort som ikkje er 15x15


Inni kortet har eg bretta lommer til  ein tepose og ein after-eight.

tirsdag 25. januar 2011

Toffifee

Ei ekstra stor toffifee-eske til ein bridgespelande bonde. Har laga den etter Sketchy Colors si skisse. Skulle eigentleg ha ein tag bak bildet,  men var litt for ivrig og sydde fast bildet før eg huska på det :)
Mønsterpapir frå Prima og Crate Paper. Internettbilde av  Lowell Herrero.
Sukkersøtt sin utfordring: Lag et kort/prosjekt som inneholder sjokolade

fredag 21. januar 2011

Prinsessekjole

 Blei så inspirert av Marianne sitt kjolekort at eg måtte prøve meg på eit eg også. Og for dei som ikkje har sett det fantastiske bunadkortet ho har laga, må ta ein tur innom bloggen hennar for å sjå . Har klipt og bretta litt annerledes enn Marianne sitt kjolekort. Denne type kort kommer eg heilt sikkert til å lage fleire av, både som bursdagskort og konfirmasjonskort.
Mønsterpapir frå Ladybug, blomster frå Kremmerhuset og Kort&Godt og bling frå Nille.
Scrappekammeret : kvit + 1 valgfri farge
Kort`O`Mania : Fantasi/eventyr




Og utbretta ser kortet slik ut...



onsdag 19. januar 2011

Tepose-kort

Ser at det har blitt mykje blått på meg i det siste, men ho som skal få dette kortet er glad i blått, så då blei det blått denne gangen også :)
Har prøvd meg på Trykkpressa (Ett trykk) sin utfordring : kort i monokromatiske farger.
Scrappekammeret: Minst 4 blomster, alle ulike.
Mønsterpapir frå Papirdesign, blomster frå Prima og stempel frå Inkido som eg har brukt embossingpulver på (Lapis).



Og sånn ser det ut inni......