fredag 23. august 2013

Tøff type

Tag`en i forrige innlegg kom med i topp 4 hos Sketcy Colors, og då blei eg så stolt og glad at eg heiv meg på den neste utfordringen hos dei også :)
Eg er ikkje så flink til å fargelegge med Promarkertusjane, men denne type motiv er grei å fargelegge :)

Mønsterpapir frå Papirgleder og Kort&Godt  (motiv), stjernedies frå Nellie Snellen og filmstripe frå Tim Holtz.


Det røffe papiret bak motivet likner litt på asfalt. Kjøpt hos den lokale Librisbutikken i Sauda for leeeenge sidan.


 Stjernene er metallicpapir som har fått litt embossingpulver på seg
 
 
Nordsalten hobbyklubb: Røft og tøft
Card & Scrap: Anything goes

fredag 16. august 2013

Sommertag

Ein sommerlig tag som skal henges på ei blomsterhelsing. Det er ikkje ofte eg lager tag`er, men kanskje eg skal bli flinkere til det. Litt kjappare å lage når ein berre trenger å pynte på 2 sider. Så denne brukte eg berre 3 dagar på :) Har litt vanskelig for å bestemme meg for papirer og pynt, men så lenge eg koser meg med det, og ikkje har dette som inntektskilde, er det heilt greit :)

Mønsterpapir frå Pion design (gevinst frå Hobbygarasjen, og det er perlestråa også), kantpunch frå MS,  notestempel frå Panduro, dies frå Marianne design og bladpunsh frå Nellie Snellen.






Den store blomsten har fått litt kvit kalk på seg for å dempe fargen.


Enkelt pynta på baksida.


Sketchy colors: Kvit, rosa og grønn
Vintage udfordring: Sommerkort eller tag m/sommerfugler
Kreative verden: Tag

tirsdag 6. august 2013

Konfirmasjon

Før eg gjekk ut i ferie, fekk eg spørsmål om eg kunne lage eit konfirmasjonskort som skal gis vekk i september. Vanligvis lager eg ikkje kort på bestilling, for eg har som regel nok med å lage kort som eg skal gi vekk sjølv. Men sjølvsagt blir eg jo smigra når nåken spør, og enkelte kan eg berre ikkje seia nei til :)

Mønsterpapir frå My Mind`s eye, Prima og Kort&Godt (motiv), Stjernedies frå Nellie Snellen og kantpunch frå EK-Success.




 På stjernene har eg brukt embossingpulver med glitter i.


Sketchy colors: Skisse
Card & Scrap: Alt er lov

søndag 28. juli 2013

Kort med servietter



 Litt tid til kortlaging blir det også når ein har 8 veker sommerferie :)
Til dette kortet har eg brukt skissa og fargane til Sketchy colors sin utfordring.
 
Mønsterpapir frå Pion design, punch frå MS, roser frå Storyteller, blomster frå Prima og kobberglitter rundt kantane
 

Takk Nina, for den søte sommerfuglpunchen eg kjøpt av deg :)


Inni har eg bretta ei lomme til kaffiservietter.


  
 
Sketchy colors: Skisse + lilla, grønt, kvitt og brunt
Hobbygarasjen: Sommer
Scrappin all over: meir enn 2 bretter.




tirsdag 9. juli 2013

Nostalgi

Og nå er yngstejenta også blitt 18 år!!! Til bursdagen fekk ho dette kortet som er bretta etter Maya sin tutorial. Synes denne "kokkedama" passa godt sidan bursdagsbarnet har gått 2 år på restaurant og matfaglinja. Kronedies må vera med pga at ho har bursdag på samme dag som dronning Sonja.




På denne bretteteknikken blir det ei lita lomme med plass til ein liten tag. "Made with love"-charms frå Korthobby sitt sortiment.

Korthobby: Bryllup eller bursdag
Scrappin all over: Meir enn 2 bretter
Hobbygarasjen: Inspirert av sangen "Sønnavindsvalsen". Her: Nostalgi
Card&Scrap: Blonder eller bånd
Kort`O`Mania: 5 av dine mest brukte accesorize: Retroblomster, perler, bånd, motiv frå internett og dies.

Sjå, eg flyr!!! Eg tør ikkje hoppa i fallskjerm, men å sveve i vindtunnelen på Voss var kjempekjekt :)

onsdag 3. juli 2013

Nyt dagen!

Dette kortet har eg laga etter bestilling frå svigerinna mi. Ønsket var eit kort med dette Hilda-motivet, navnet til jubilanten, plass til gavekort og stort skrivefelt. Resten kunne eg bestemme sjølv.

 

 Swirledies frå Marianne design som har fått på seg eit par lag med clear-embossing og så krakelert.



Inni: Tekststempel frå Storyteller og Inkido. Og som vanlig blomster med retroflower-punchen min :)
         Her er det også ei lomme til eit gavekort.

Stjerna  har fått eit lag med embossingpulver med glitter i.
 
Stort skrivefelt var eit ønske. Swirla i hjørnet, er deler av ein dies frå Joy Craft.
 
Kort`O`Mania:  5 av dine mest brukte accesorize: Retroblomster, perler, sommerfugler, bånd og dies
Card & Scrap: Blonder eller bånd
Nordsalten hobbyklubb: Masse blomster
Ett trykk: Blomster og sommerfugler
Scrapomania: Sommerfugler

søndag 23. juni 2013

Lilla lift

Dette kortet er ein lift av dette kortet til Anita i Ett trykk. Uvant for meg å ikkje bruke motiv på kortet og så synes eg det var vanskelig å la vera å putta på blomster :)

Mønsterpapir frå Papirdesign og Maya Design og tekststempel frå Storyteller.


Perler limt på eit bånd som mor mi kjøpte i Frankrike.
Gamle perlemorknappar


Ett Trykk: Lift. (Anita)
Nordsalten hobbyklubb: Clean and simple
Card and Scrap: Tekststempel
Vintage udfordring: Perler og blonder


Som kanskje nåken har sett her i bloggen min, så er det enkelte plasser komt eit "forbudtskilt" der det skulle vert eit bilde. Bilder som kommer feil vei når eg laster dei direkte frå dataen og inn i bloggen, har eg lasta opp i Picasa for redigering. Før helga hadde eg ein opprydning i mappene i Picasa og sletta ein del bilder. Det viste seg at då blei dei sletta i bloggen også. Det var eg ikkje klar over :(
Ja, ja, ein lærer stadig nåke nytt :)