søndag 6. april 2014

Pastell

Eldste dattera mi trengte eit bursdagskort til ei veninne, så då var det å innta plassen ved hobbybordet, eller rettere sagt spisebordet i stua. Har eit hobbyrom i kjellaren, men det er kosligare å sitte i stua når eg lager kort. Då kan eg sjå på tv samtidig :) Og så får eg jo god trim med å springe ned og opp for å hente ting og tang. Ryddinga utsetter eg til påske når ungane og gubben kommer heim frå skule og jobb :)

Denne bretteteknikken har eg funnet i Unni sin blogg. Ligger link til denne tutorialen i sidebar også. Der har eg kalt bretteteknikken for "Unnis rundbrett".

Mønsterpapir frå  Authentique, stjernedies frå Nellie Snellen, tall med dies frå TH og sommerfugl frå Korthobby. Silkebånd rundt heile kortet.



Sommerfugl frå Korthobby


Tag`en inni med plass til å skrive ei helsing

Baksida av kortet. Her er det også plass til ein tag

Hobbygarasjen: Inspirasjonsbilde. Her: pastellfarger
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby
Trykkpressa (Ett trykk): Stjerner

fredag 4. april 2014

Gult er kult

Eit lite lommekort som passer til å henge på ei blomsterhelsing. Stilken/blomsten på motivet har eg hatt på Glossy accent for å stive den opp.
Her er mi oppskrift på bretting av lommekort.

Mønsterpapir frå Ladybug and friends, rosene er frå Storyteller (fargelagt med Promarkers) og bladpunch frå Nellie Snellen.





Cherish this: Kort som ikkje er firkanta + 1 motiv og 3 sommerfugler
Storyteller: Påske eller vår
Scraphaugen: Gult er kult

mandag 24. mars 2014

Toffifee til mann

Mannfolk har også bursdag av og til. Og sjokolade er vel aldri feil å gi i gave? Her har eg laga ei toffifee-eske.

Mønsterpapir frå Papirdesign, kantdies og filmstripe frå Tim Holtz, og metalltannhjul frå Korthobby



Eit nærbilde av det tøffe papiret som eg synes likner på asfalt.




Korthobby: Innpakning/gave + metall frå Korthobby
Nordsalten hobbyklubb: På hjul. tannhjul og ein bil i bakgrunnen på motivet.

torsdag 20. mars 2014

Ny teknikk

På mi vandring rundt i bloggverden, kom eg over denne måten å bruke dies på. Å bruke "hullet" som blir i arket i når ein stanser ut.

Mønsterpapir frå Maya Design og Melissa Frances (prikker), tekststempel og roser (farga med Promarker) frå Storyteller, sykkeldies frå Marianne Design. Den flotte sommerfugldiesen veit eg ikkje kor er frå, for den var i ein trøstepremie eg fekk for lenge sidan (takk Unni)



 Litt glitter hist og her

Inni har eg brukt dies frå Tim Holtz, tekststempel frå Kreativ hobby og kantpunch frå EK-Success


Storyteller: Alt er lov + produkt frå Storyteller
Nordsalten Hobbyklubb: På hjul

torsdag 13. mars 2014

Til ungdommen

Kort i rødt og kvitt trur eg ikkje at eg har laga før (utenom julekort), men så har Trykkpressa ein utfordring der ein skal lage noko til ungdommen i dei fargane, så då må eg jo prøve det + at eg hadde eit nydelig Pionark i rødt og kvitt som eg ikkje har funnet ein anledning til å bruke før.

Mønsterpapir frå Pion design, stempel frå Kreativ hobby, kantpunch frå MS, hjørnepunch frå EK-Success.



 
 Søte blomster? Dei er laga av små roser frå Storyteller. Har tatt vatn på rosene for å løsne laga frå kvarandre. Det blir 3 blomster av 1 rose. Kossen eg kom på det? Ein gong eg skulle farge ei rose, sprayet eg rosa med litt for mykje lilla distressink slik at rosa gjekk i oppløysning. Rosa blei ødelagt, men i staden fekk eg søte små lilla blomster :)

 Skrivefelt inni.
 
Ett trykk (Trykkpressa): Rødt og kvitt + ungdom
Storyteller: Punch eller kantdies + produkt frå Storyteller
Papirdokkene: Minst 10 perler eller bling
Scrapomania: Vårlig

lørdag 8. mars 2014

Konfirmasjon

Då var eg i gang med årets konfirmasjonskort. Godt å vera tidlig ute i tilfelle det blir ein vår med mykje sol og eg heller får lyst til å putle på i hagen, eller male hus :)
Til ramma og nøkkelen har eg stansa ut 4 lag med kartong for å få litt høgde.  Så har eg hatt på mengder med Frantage og smelta det heilt. Veldig fornøyd med ramma :)

Mønsterpapir frå Maja Design, nøkkel er dies frå Marianne Design, ramma med dies frå Spellbinders.
Maskinsøm rundt panelene.



Inni: Tekststempel frå Kort og Godt


Card&Scrap: Dies
Hjerteboden: Konfirmasjon
Kreative Verden: Tekstil
Scrapomania: Vårlig

mandag 3. mars 2014

Vårlig rammekort


Då var vinterferien over, og ny arbeidsveke i gang. Har hatt ein rolig ferie heime. "Stelt" for jentene som har vert heime på ferie, gått turer med hunden og sjølvsagt litt kortlaging :) Har fått gjort ferdig påbegynte prosjekter og starta fleire nye. Har ein uvane å begynne på nye kort før eg har gjort ferdig det eg holder på med.
Her er eit slikt prosjekt. Var så fornøyd då eg var ferdig med framsida, at innsida blei sett på vent :)
Rammekortet er laga etter denne malen.

Swirledies frå Marianne design, bladpunch frå Nellie Snellen, kantpunch frå EK-Success, blomster frå K&G og Storyteller.

Mangen små halvperler rundt om kring. Motivet er eit svart/kvitt-foto som eg har fargelagt med Promarker



 
Tekststempelet inni er frå Storyteller.

Card&Scrap: Dies
Storyteller: Punch eller kantdies
Papirdokkene: Minst 10 perler eller bling
Scrappin all over: Osteklut
Kreative verden: Tekstil