tirsdag 6. mars 2018

Twist & pop-up babykort

Dette babykortet har eg laga på bestilling til ein kollega av meg.  Eg hadde frie tøyler på kossen kortet skulle sjå ut, men gjerne bruke fargen rødt på kortet.  Då passa det godt at hadde desse papira frå Maja design liggande.

Mønsterpapir frå Maja design, hjertedies frå Poppy-design, tekststempel frå Norsk stempelblad og den søte hjertecharmsen er frå Korthobby.



Takk til deg Bentes kreative side for det tynne perlekjedet som eg har brukt rundt teksten.


Innsida. Stempel frå Staz

For at kortet ikkje skal bli for tjukt når det brettes sammen, har eg felt inn storken inn papiret.
Takk til deg Bente for storken.

Her har eg også felt inn hjertebord og hjerte.

Scrappelyst: Din favoritt (bretteteknikker og dies)
Scrap from your heart: Bingo: Blomst, blonde, punch/dies
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby
Scrappesyken: Baby

søndag 18. februar 2018

Veskekort

I Lisens blogg kom eg over ein tutorial på eit veskekort som eg ikkje har prøvd før. Likte godt at den står stødig og at det er plass til pynt på toppen. Elisabeth har laga fleire flotte vesker med denne bretteteknikken. Når utfordringen til Korthobby er å lage veskekort etter denne malen, så var det berre å sette i gang, og ikkje berre tenke " Den malen må eg prøve ein gong" :)

Denne veska skal tanta mi få til 90-års dagen sin.

Metallramme og metallblomst inni  frå Korthobby, kantdies frå Spellbinders og bladdies frå Joy Craft.
Usikker på kor mønsterpapiret og metallspenna er frå.
Har brukt magnet som lukkemekanisme.


Metallramme frå Korthobby.

På hanken har eg brukt punch frå EK-Success. Fjører og tynn kobberfarga tråd i "blomsteroppsatsen"

Vimpeldies frå Papirdesign, tekststempel frå Norsk Stempelblad og metallblomst frå Korthobby

Korthobby: Veske etter mal + Metall frå korthobby (rund ramme og metallblomst inni)
Papirlosjen. Dies og/eller stempel
Kreativ scrapping: Bingo. Mønsterark,blomster og tekst

fredag 16. februar 2018

Valentine lollipop

Her i huset har me ikkje hatt tradisjon med å feire valentinedagen, men eit heimelaga kort til gubben kan vel ikkje vera feil :)

Hjertedies frå Papirdesign, bladdies frå Joy Craft, charms frå Korthobby.
Osteklut  og Hugsnug farga med Distress.




Synes kortet blei maskulint sjølv om eg  har brukt både glitterpapir og blomster :)


Osteklut og Hug-snug farga med Distress.

Scrappelyst: Hjerter
Scrap from your heart: Morsdag/valentine
Papirlosjen: Dies og/eller stempel
Papirplaneten: Kjærlighet
Scrappesyken: Morsdag/Valentine.

lørdag 10. februar 2018

Morsdag

Dette kortet skal mor mi få til morsdagen i lag med ein blomst + at me har invitert ho med ut på middag.

Bladdies frå Memory boks (Felipa corner dies), metall frå Korthobby, små roser frå Papirdesign og tekststempel frå Norsk stempelblad.




Små lilla hjerter stansa ut i mosegummi med glitter på.



Innsida:
Rekner med at mor mi liker mønsterpapiret inni, for det er det hu som kjøpte til meg då ho var i Nederland for nokre år sidan.
Her ser ein bedre hjørnediesen frå Memory box.



Outside the Box: Hjerter + produkt frå Memory box
Scrap from your heart: Morsdag/valentine
Scrappelyst: Hjerter
Papirplaneten: Kjærlighet (bryllup, Mmrsdag, Valentine)
Scrapomania: Kort til damer(Facebook)
Scrappesyken.  Morsdag/Valentine   (Facebook)

mandag 5. februar 2018

Hjerter med søm

Denne teknikken med å sy samme 3 hjerter kom eg over på Pinterest. Likte den så godt at det blei to nesten like kort. (Blir ofte 2 nesten like kort når eg holder på ). Kanskje årets julekort blir med denne teknikken?

Mønsterpapir frå Marianne design og Studio Light.

Kort nr.1.  Dette kortet har fått ein dæsj med glimmermist over seg.

Kort nr.2

3 lag med hjerter som er sydd sammen med sikk-sakk-søm.


Innsida. Under "GRATULERE" er det plass til penger/gavekort

Innsida i det andre kortet:

Papirlosjen: Dies og/eller stempel
Scrapiness: Noe nytt og noe gammelt. Ny teknikk og veldig gamle papirer
Scrappelyst: Hjerter
Scrapomania: Kort til  damer (Facebook)

lørdag 20. januar 2018

Strikkedame

Dette kortet fekk svigerinna mi, som er veldig flittig med strikkepinnane, til 70-års dagen sin. Eg har laga eit liknande kort før, men har gjort nokre små forandringer på framsida og brukt andre mønsterark inni.

Mønsterpapir frå Studio light og Maja Design (inni), metall frå Korthobby, kantdies frå Spellbinders og tekststempel frå North Star Design.


Perler på endane av strikkepinnane , gamle perlemorknapper og metallhjørne frå Korthobby.


 Innsida

Scrappelyst: Alt er lov
Korthobby: Alt er lov
Scrapomania: Kort til damer

lørdag 13. januar 2018

Babykort med vellum

To babykort der blikkfanget er " Baby" som er stansa ut i mosegummi med glitter.
Heldigvis har eg ikkje gitt vekk desse korta ennå, for oppdaga nå at splittbindersen oppe til høgre på kort nr.1 er grønn i staden for turkis!! Det må eg fikse :)

Mønsterpapir frå Studio Light (nr.1) og Papirdesign (nr.2),  babydies frå Marianne design og charms frå Korthobby. Mosegummi er frå Kort og Godt



Inni:   Tekststempel frå Norsk stempelblad. Tusen takk til deg Bente-Velkommen inn for denne flotte storkdiesen som eg fekk av deg i ein premie.

Kort nr.2

Inni.

Scrappelyst: Alt er lov
Korthobby: Alt er lov + metall frå Korthobby. (Facebook)

Scrapki-wyzwaniowo: Vellum-paper


http://scrapki-wyzwaniowo.blogspot.no/2018/01/january-2018-vellum-paper-1st-reveal.html