Grønt og svart er kanskje ikkje dei vanligaste fargane på babykort, men til dette bildet av Anne Geddes syntes eg det passa bra. Og med litt blonder og bling blei det jo søtt.
Grønt Bazzill bling-ark, mønsterpapir frå Maja design, Spellbinderdies, sommerfugl med MS-punch, prikkete blomst frå Prima, rose (kvit som er fargelagt med grønn Promarker) frå Kort og Godt, "sølvblomst" er også frå Kort og Godt. Sølvhjerta er eg ikkje sikker på kor kommer frå.
Dette bildet var vist litt dårlig, men det er ei kvit blonde til venstre på kortet.
Nå er det berre til å psyke seg opp til motbakkeløp her i Sauda som starter om 2,5 timer. Stiller på startstreken i lag med Thomas Alsgaard, Kristen Skjeldal, Anders Aukland og Sjur Røthe. Men det bli vel ikkje så mykje eg ser til dei i løypa, for eg pleier å vera blant dei siste når eg er med på løp :)